I lys og rørsle - fotografi av kvinner i arbeidslivet


Dokumentasjon og iscenesetting

Fotografiet ovanfor er som nemnt ikkje det einaste som er bevart frå fabrikken til Einar Hausvik, minst tre gonger var fotografane på besøk i Hetlevik. Kring halvparten av dei 55 bevarte bileta blei tatt før brannen i 1922, ca. 25 blei tatt 3. oktober 1924, og nokre få ein gong i 1930-åra. Bileta tilhøyrer samlinga etter fotografverksemda Atelier KK som er bevart på Billedsamlingen på Universitetsbiblioteket i Bergen; ei samling med oppdragsfotografi tatt for firma, verksemder, offentlege etatar og privatpersonar i bergensregionen, i perioden frå 1915 til kring 1970. Samlinga inneheld nærare 32 000 fotografi og er såleis uvurderleg som kjeldemateriale for næringslivshistoria og den generelle historia for regionen. Bileta frå Hetlevik er blant juvelane i denne samlinga, som inneheld fotografi frå heile spekteret av næringslivet - t.d. industri, handel, skipsfart, bank og forsikring, media - frå små og obskure einmannsfirma til tradisjonsrike og store verksemder som BMV, Martens, Rieber, HSD, Bergens Bliktrykkeri, Kløverhuset, Janus, Jørgen S. Lien osv. I tillegg er kommunale og offentlege etatar godt representerte, som skulevesen, brannvesen, helsevesen, samferdsel og elektrisitetsverk.

Postkontoret i Bergen, ca. 1934. Foto: Atelier KK. Fig. 2: Postkontoret i Bergen, ca. 1934. Foto: Atelier KK
Oppdragsgiver Per Holm, kontorutstyr, 1951.Foto: Norvin Reklamefoto Fig.3: Oppdragsgiver Per Holm, kontorutstyr, 1951.
Foto: Norvin Reklamefoto

I tillegg har Billedsamlingen ei tilsvarande samling med arbeidslivsbilete frå fotografverksemda Norvin, frå perioden 1945 til 1970-åra, med totalt kring 17 500 bilete. Utvalet i denne samlinga er like imponerande innhaldsrikt som i Atelier KK-samlinga, men den generelle fotografiske kvaliteten på bileta er nok meir ujamn. Det viktigaste biletmaterialet i denne samlinga er henta frå ulike handelsverksemder og småindustri i bergensregionen - bankar og forsikringsselskap, tekstil- og konfeksjonsfabrikkar, og mellom anna eit rikt materiale frå den kjende bergenske handelsverksemda Wallendahl.

Felles for begge samlingane er at dei består av oppdragsfotografi, som private eller offentlege verksemder har bestilt frå fotografane. Bileta er fotografert til bestemte formål eller for å brukast i bestemte funksjonar, som dokumentasjon av verksemda - arbeidsprosessar, produksjons- eller kontorutstyr, produkt, lokale - eller til bruk i reklamesamanheng, i annonsar, jubileumsbøker o.l. Desse fotografia er såleis ikkje tilfeldige blikk inn i ein industriverksemd eller ein butikk, men er bilete fotografert med gitte intensjonar om eit bestemt resultat, med bestemte konvensjonar i uttrykka, der motivval, utsnitt og vinklingar i fotografia må tolkast og lesast i lys av dette.

Arbeidslivsbilete er ein tvitydig fotografisk sjanger - ein insisterande illusjon. På den eine sida insisterar fotografia på å vera røyndomsbilete og autentisk dokumentasjon av arbeidsliv og arbeidsprosessar; på andre sida har bileta like mykje preg av iscenesetting og arrangerte tablå i motiva frå arbeidsplassane og verksemdene. Samstundes er det sjangerbilete der menneska er anonyme element - som namnlause industriarbeidarar eller kontorpersonale. Det å presentera arbeidarane har ikkje vore det viktigaste for oppdragsgivarane; dei er i dei fleste tilfelle underordna figurar eller staffasje i framstillinga av arbeidsprosessane og verksemdene. Dette er særleg tydeleg i delar av Atelier KK-samlinga, der mange av bileta er heilt reinska for arbeidarar - berre sjølve arbeidslokala, interiøret og produksjonsutstyret er avfotograferte, truleg etter ønske frå oppdragsgivaren. Like fullt er det nok av døme på bilete frå desse samlingane der me kjem tett inn på dei avbilda arbeidarane, der personlege uttrykk og individuelle karakterar er bevisst eller ubevisst formidla av fotografane. Variasjonane er sjølvsagt store i formidlinga av personane, frå folkerike gruppebilete frå industriverksemder til individuelle men namnlause bilete av kontorpersonale eller fotomodellar. Samla sett presenterer bileta frå desse to samlingane kollektive portrett av fleire generasjonar med arbeidarar, der det i særleg grad er interessant å sjå korleis den fotografiske utsjånaden til personane endrar seg frå tiår til tiår - ikkje berre i ytre ting som arbeidsklede og hårfrisyrar, men endringane i måten dei oppfører seg på framfor kameralinsa. Og sjølv om mange av bileta i desse samlingane er tydeleg arrangerte, og personane er plasserte i alt anna enn naturlege arbeidspositurar, så er det likevel dei personlege uttrykka og karakterane som fangar blikka våre - eit smil eller eit blikk inn i kameraet, ein situasjon eller ei uventa rørsle som skapar små brot på dei faste sjangerkonvensjonane.

Prosjektet er et samarbeid mellom Universitetsbiblioteket, Billedsamlingen, og Senter for kvinne og kjønnsforskning, Universitetet i Bergen. Prosjektet er støttet av Kulturnett.

© Billedsamlingen, UB