I lys og rørsle - fotografi av kvinner i arbeidslivet


Arbeidets lys

Interiør frå hermetikkfabrikken til Einar Hausvik & Co., Hetlevik på Askøy, 1924. Foto: Atelier KK

Datoen er 3. oktober 1924. Me er i eitt av produksjonslokala på hermetikkfabrikken til Einar Hausvik & Co. i Hetlevik på Askøy. Sollyset frå dei store glasa teiknar mønster på golvet framføre arbeidarane som er samla i lokalet, nokre av dei oppstilte ved pakkeborda og ved falsemaskinane, andre er plasserte heilt bak i rommet. I alt blei sytten kvinner og åtte menn fikserte på glasplata til fotografen frå Atelier KK (K. Knudsen & Co.) i dette opptaket, i tillegg til ein liten gut som kan skimtast i bakgrunnen midt i biletet. Arbeidssituasjonen på biletet har snev av å vera arrangert; arbeidarane er litt for urørleg poserande og fleire av kvinnene er meir opptatte av fotografen enn av arbeidet sitt. Flokken i bakgrunnen kan sjølvsagt vera ihuga linselus, men er nok heller plasserte der av fotografen.

Dette biletet er del av ein serie på kring 25 fotografi som blei tatt denne haustdagen på hermetikkfabrikken, på oppdrag frå Einar Hausvik & Co., i første rekke som dokumentasjon av verksemda og fabrikklokala, av arbeidsprosessar og utstyr, med arbeidarane i rolla som anonyme kompositoriske statistar. Det paradoksale med slike fotografi - lest som enkeltståande bilete - er at sjølv om intensjonen har vore å syna fram produksjonslokala og maskinane så er det likevel menneska som fangar blikka våre, gjennom positurar, rørsler, ansikt og blikk, og gjennom brot på illusjonen om autentiske arbeidslivsbilete. Som til dømes kvinna i framgrunnen til venstre på biletet; ho har vendt seg bort frå arbeidet under eksponeringa, med ansiktet og blikket mot fotografen, og har dermed blitt ein tanke uklår i konturane. Likevel er det ho blikket vårt først festar seg på, som ei rørsle i biletet, som eit lysande kvitt arbeidsforklede, som den einaste i heilfigur.

Kvinnelege arbeidarar var i fleirtal på hermetikkfabrikken i Hetlevik, som dei var det elles i hermetikkindustrien. Truleg jobba det kring 50 kvinner på fabrikken i midten av 1920-åra, av ein samla arbeidsstokk på kring 80.1 Ostringen Einar Hausvik etablerte handelsverksemd i Bergen i 1892, og før han bygde fabrikken i Hetlevik i 1914 hadde han drive hermetikkproduksjon i Bergen, Florø og Horsøy på Askøy. Den siste starta han i 1905, og Hausvik feira unionsoppløysinga med å lansera varemerka King Haakon og The Norwegian Queen. 2 Ein av grunnane til at fabrikken blei bygd i Hetlevik var rikeleg tilgang på kvinneleg arbeidskraft, i tillegg til at Hausvik allereie dreiv sildesalteri på staden. Fabrikken i Hetlevik var stor, ein murbygning i tre etasjar, og han tente gode pengar under 1. verdskrigen og utover i mellomkrigstida. Fabrikken brann ned i oktober 1922, men blei gjenreist same året, utvida med avdelingar for sildeolje og sildemjøl. Sjølv om fabrikkanlegget i Hetlevik dreiv med overskot gjekk det verre med Hausvik sjølv; feilslåtte spekulasjonar og dårleg økonomi førte til at Bergens Privatbank overtok fabrikken i Hetlevik i annan halvdel av 1930-åra.

Namna på dei registrerte varemerka til Einar Hausvik & Co. kan lesast som små tidsmessige forteljingar i seg sjølve - frå dei politiske overtonane i Dictator og Demokrat via Eros og Liebling til Country Club, Pet Child og - av alle ting - Snow Shoe (truge). I tillegg laga Hausvik eigne varemerke for Amerikabåtane, som Bergensfjord og Kristianiafjord. Verksemda var aktiv i marknadsføringa, deltok på utstillingar og gav ut fleire reklamepublikasjonar. Biletet ovanfor blei brukt i eit engelskspråkleg reklamehefte utgitt i 1926, som inneheldt både presentasjon av produkta og ein rekke fotografi frå fabrikkanlegg og kontor.

Prosjektet er et samarbeid mellom Universitetsbiblioteket, Billedsamlingen, og Senter for kvinne og kjønnsforskning, Universitetet i Bergen. Prosjektet er støttet av Kulturnett.

© Billedsamlingen, UB