Fotografi

Signatur: ubb-ms-utst-0018


Bestill


Alle bilder kan fritt lastes ned og brukes mot kreditering av fotograf og institusjon.


Háskóli Íslands, eller Universitetet på Island, ble grunnlagt av Alltinget (Alþingi) i 1911, etter en fusjon av Prestaskólinn (teologi), Læknaskólinn (medisin) and Lagaskólinn (juss) og et nytt humanistisk fakultet. Universitetet hadde 45 studenter det første året. Frem til 1940 holdt universitet til i Islands parlamentsbygning (Alþingishúsið) i Reykjavík. Hilsenen til UiB bærer sterkt preg av århundrelange relasjoner mellom Norge, Vestlandet og Island. Dokumentet vektlegger også århundrelange tradisjoner og fremgang for utdanning og kultur i Bergen og regner opprettelsen av UiB som en naturlig resultat av historien. Utformingen bærer sterke nasjonale særpreg, med historiske referanser og vendinger fra sagatradisjonen. Dette er ikke minst resultat av at Island selv oppnådde selvstendighet kun fire år tidligere. I april 1940 vedtok Alltinget full råderett over Kongeriket Island, som var i personalunion med Danmark siden 1918. I 1944 erklærte Alltinget den selvstendige republikken Island. Troen på læresteders betydning for forvaltningen av fortiden og bygging av fremtiden er derfor fremtredende i dette dokumentet til UiB. Norsk transkripsjon foreligger i det fullstendige gratulasjonsbrevet (se lenken under). Oversettelsen lyder: Háskóli Íslands sender Universitetet i Bergen Guds og si helsing. Vi islandingar minnest gamle og nye band millom landet vårt og Bergen. Vi minnest enno at vi ættar frå kvinnor og menn som i gamletidi hadde heimstaden sin i Hordaland, i nærleiken av Bergen, og at kulturen vår hev runne fram or röter som hev grott der. Vi minnest óg at Bergen i lang tid var den staden i framande land som hadde störst samband med islendingane. Rett nok vart dette sambandet mindre ettersom tidi skreid fram; men i dei seinste mannsaldrane hev det auka å nyo til föremun for båe folk, og vi vonar at det kjem til å veksa i dei komande åri. Bergen hev i ein lang tidbolk vore rekna millom dei fremste handels- og sjöfartsbyane i Norden, og borgarane her hev vore store kaupmenn og farmenn. Men samstundes hev dei havt stor vyrdnad for og kjærleik til åndeleg kultur og gjort mykje av stort verde for bokheim, vitskap og kunst. Skipingi av det nye universitetet i Bergen er eit vitnemål om at det enno er vyrdnad for desse kulturgreinene her i byen. Háskóli Íslands fagnar vigsla åt Universitetet i Bergen og vonar at skipingi og arbeidet åt dette universitetet må styrkja det kulturelle sambandet millom Noreg og Island. Vi ynskjer det unge universitetet framgang og lukke i dei komande åri, ynskjer at det kjem til å gjera mange storverk på vitskapleg omkverve og jamvel gjera mykje for den heimlege kulturen åt nordmennene, frendefolket vårt. Vi ynksjer óg at islandske studentar her må vinna kunnskap og åndeleg framvokster og at eit gröderikt samarbeid må aukast millom dei vitskapsmennene som arbeider ved Universitetet i Bergen, og islandske vitskapsmenn. Vi ynskjer at Universitetet i Bergen må standa og streva i sömd og blöming i dei tider som kjem så lenge nordmenn i Bergen bur og båror på vågen skrida.

Dette bildet er en del av utstillingen Universitas Bergensis Est!

Relatert til: Gratulasjonsbrev: Háskóli Íslands


comments powered by Disqus