Etisk problematiske fotografi: Helse 6

Kritisk katalogisering

av Jorun Larsen, Ph.d. stipendiat i kunsthistorie ved UiB.

Blant det omfattande materialet som Billedsamlingen forvaltar finst det mange fotografi som på ulikt vis relaterer til helse og medisin. Sjølv om mange av desse er digitaliserte og ligg tilgjengeleg på visningsportalen Marcus, er det også ein heil del som ikkje er publisert. Dette er det fleire, og ofte gode grunnar til.

Denne typen bilete kan vere omfatta av andre lover og omsyn enn det som åndsverklova allereie vernar om. Dette kan medføre at institusjonar som har ansvar for å ta vare på og formidle historiske fotografi må gjera eigne, ofte skjønnsmessige vurderingar når det gjeld kva rammeverk ein bør støtte seg til, for å halde seg innanfor lova.

Teknologisk utvikling og dagens digitale biletkultur har dessutan skapt eit behov for ytterlegare skjerpa reglar kring handtering av alle typar bilete. Rettleiaren Fotojuss, som er utgitt av Kulturdirektoratet, er laga for å vere til hjelp i slike vurderingar. Denne peikar til dømes på fleire viktige omsyn som varetar personvern i samband med bruk og publisering av helserelaterte fotografi. Om medisinsk dokumentasjon kjem dei med dette overordna rådet: «Dersom offentliggjøring av bildet kan tenkes å krenke eller såre noen, bør man avstå fra offentliggjøring – eventuelt anonymisere, uavhengig av hva som følger av formelle regler.» (s. 91) Rådet er godt forankra i lovverk, retningslinjer og etikk, men det kan også føre til at mange helserelaterte fotografi forblir utilgjengelege og usynlege.

Ein viktig del av ABM-institusjonane sitt samfunnsoppdrag er knytt til formidling og tilgjengeleggjering. Dei historiske kjeldene som desse institusjonane forvaltar dannar grunnlaget for den kollektive hukommelsen vår, og dette grunnlaget skal etterstreve å vere representativt for alle deler av kulturen, befolkninga og historia. Om helserelatert materiale blir valt vekk i spørsmål om å tilgjengeleggjere eller ikkje, på grunn av etiske utfordringar, vil ein få ei unyansert forståing av kva som finst i desse samlingane.

Nettutstillinga er skapt i samband med Billedsamlingens prosjekt «Kritisk katalogisering», og tek sikte på å belyse nokre av dei etiske vurderingane som kan bli og blir gjort i samband med formidling av helserelaterte fotografi. Eit anna viktig poeng med utstillinga er å synleggjere noko av det usynlege, til dømes ved å understreke at det finst mykje upublisert materiale som ein kan få tilgang til ved å ta direkte kontakt.

Følgjande spørsmål dannar grunnlaget for arbeidet med denne nettutstillinga: Kva er eigentleg medisinsk fotografi, og korleis kan ein på best mogleg måte halda seg til ein etisk forsvarleg publiseringsstrategi i handsaming av fotografi som på ulikt vis omhandlar helse, medisin og pasientar?