Kva meinast med medisinsk fotografi og kva for fotografi
passar eigentleg innunder ein slik tematikk?
Innanfor det
medisinske feltet er medisinsk fotografi synonymt med klinisk fotografi,
altså ein praksis kor bilete av kroppen, som eksempelvis synleggjer
symptom eller skadar, og som blir tatt i samband med undersøking, blir
nytta til å stille ein diagnose. Slike fotografi har såleis ein særskilt
funksjon knytt til undersøking og behandling, og blir også nytta som
støtte til forsking, i undervisning og som dokumentasjon. I tillegg til
fotografi inngår også andre typar bilete, som kan gi innsikt i ein viss
sjukdom eller tilstand hos den som blir undersøkt, i den utvida kategorien
kliniske bilete. Røntgen
eller MR er døme på
dette.
Sjølv om ein i dag har utvikla svært komplekse teknologiske
metodar for å synleggjere kropp, symptom og sjukdom, har fotografiet spelt
ein viktig rolle i biletdiagnostikken, nesten heilt sidan det vart
oppfunne. Rundt 1850 - vel ti år etter at oppdaginga av den fotografiske
teknikken daguerreotypi vart lansert av Louis Jacques Mandé Daguerre - var
det stor semje blant legar og andre vitskapsmenn om at fotografiet
tilgjengeleggjorde ting på ein naturtru, nøyaktig og nøytral måte. Desse
eigenskapane låg til grunn for at fotografiske praksisar vart etablert og
vidare systematisert innanfor medisinen, men også for andre vitskaplege
disiplinar, allereie frå midten av 1800-talet. (Sjå t.d. Schwartz,
"“Records of Simple Truth and Precision”: Photography, Archives, and the
Illusion of Control", 2000 )
Fotografia i
utstillings-kapittelet om lepra, sorterer under denne typen forståing av
medisinsk fotografi.
Omgrepet medisinsk fotografi kan også bli
nytta, litt meir upresist og omfattande, om fotografi som på ulike vis
handlar om medisin eller om det medisinske fagfeltet. Dette gjeld nok
særleg for fotografi som blir forvalta av institusjonar utanføre
helsefaglege disiplinar, som museum, arkiv og samlingar. Sjå til dømes den
store variasjonen som kjem fram ved å søke på dette emneordet på Digitalt
museum.
I samband med katalogisering av medisin-relatert
fotografi sorterer gjerne mange ikkje-kliniske bilete under emneordet medisin.
Dette gjeld også for mange av fotografia som er katalogisert og publisert
på Marcus.
Eitt av dei litt kuriøse døma i Billedsamlingen sin
katalog viser til ein vitaminrik medisinsk torsketran, produsert av det
Bergensbaserte firmaet Smit & Zoon. Fotografi av sanitetsstuen ved Bergen
Mekaniske Verksted i Solheimsviken, tatt i 1945, ligg også under dette
emneordet, likeins fotografiet "Instrument, Haukeland Sykehus". Desse
fotografia er ikkje tatt i samband med undersøkingar eller
diagnostisering, og har såleis ingenting til felles med klinisk fotografi.
Denne
observasjonen viser at det kan vere nyttig å etablere meir presise
kategoriar og emneord innunder den overordna kategorien medisin. Til dømes
kan ein lage eit tydeleg skilje mellom klinisk fotografi (dersom ein har
slikt materiale) og helsefagleg fotografi. Andre klargjerande emneord kan
vere oppdrags-, utstyrs- og produktfotografi. Slike grep vil bidra til
meir presise biletsøk, samstundes som det vil vere med på å synleggjere at
det faktisk er og har vore ganske ulike typar fotopraksisar og
dokumentasjonsbehov gjennom medisinhistoria.