Emneord: pasient 14

Då denne utstillinga vart laga fanst det 84 publiserte fotografi som var linka til emneordet «pasient» i Marcus. Om lag 50 ytterlegare fotografi med same emneord var katalogisert, men ikkje publisert. Det kan verka banalt å presisere kva ein pasient eigentleg er, men i samband med publisering av helserelaterte fotografi kan dette vere både naudsynt og fruktbart.

I følgje Helsedirektoratet viser omgrepet pasient til «personer som gis eller tilbys hjelp fra helsetjenesten eller som henvender seg til helsetjenesten med anmodning om helsehjelp.» Det blir vidare presisert at også «friske» personar som nyttar helsetenester, samt «personer som har kroniske lidelser eller funksjonshemninger (...) når de er brukere av helsetjenesten» skal bli forstått som pasientar ut frå lova.

Helseregisterlova definerer nemleg at helseopplysningar er «taushetsbelagte opplysninger etter helsepersonelloven § 21, og andre opplysninger og vurderinger om helseforhold eller av betydning for helseforhold, som kan knyttes til en enkeltperson.»

Fotografi som viser personar som kjem innunder definisjonen «pasient» formidlar såleis sensitiv informasjon, då helseopplysningar er rekna som sensitive opplysningar. Fotografi som formidlar sensitiv informasjon skal såleis, etter juridiske og etiske lover og retningslinjer ikkje offentleggjerast, så sant det ikkje er vektige grunnar for det.

Fotografi som tidlegare har vore publisert blir ikkje like strengt omfatta av dette rammeverket, men ein bør likevel stille spørsmål ved om det er naudsynt å offentleggjere fotografia, eller om det finst andre, mindre inngripande måtar å synleggjere at slike fotografi finst.

Sidan eg undersøker pasientfotografi frå psykiatrien i doktorgradsarbeidet mitt, er dette reglar og rammeverk som eg må halda meg til, og som påverkar kva eg kan bruke og publisere eller ikkje. Søkjer ein rundt i andre arkiv, ser ein at det ligg relativt mange pasientfotografi tilgjengeleg for eit ålment publikum, til trass for at regelverket er relativt strengt for bruk av sensitive opplysningar.

Mangfaldet av fotografi som finst – både i Marcus og i andre samlingar – kan dels forklarast ved at arkiv- og samlingsinstitusjonane truleg har litt ulike tradisjonar og forståingar for kva eit pasientfotografi er og kva det inneheld av opplysningar, at det finst ulike meiningar for kva vern slike fotografi har eller bør ha, samstundes som det kanskje også reflekterer at det finst individuelle meiningar om kor vidt det er inngripande eller ikkje å publisere eit historisk fotografi av nokon som mottek eller blir tilbydt helsehjelp, er sjuke eller nyttar ei helseteneste.

Denne observasjonen fekk meg til å notere nokre spørsmål. Sjølv om det truleg ikkje finst eintydige svar, er det likevel relevant å spørje seg: Er det skilnad på fotografi som viser kroppsdelar og som ikkje viser andletet til pasienten, eller kan også slike knytast til enkeltpersonar? Bør ein publisere pasientfotografia som syner einskildpersonar med sladd for å synleggjere at fotografia finst i samlingar og arkiv, eller er det betre å unngå å legge ut pasientfotografi i det heile? Kva risikerer ein dersom ein vel å sladde, og likeins dersom ein vel å ikkje publisere?

Om det er ein skilnad - kva er mest akseptabelt: å publisere pasientfotografi av born eller vaksne? Og er det meir eller mindre akseptabelt å vise fotografi av pasientar som ikkje viser teikn til smerte, enn nokon som lir?

Er me meir tilbøyelege til å publisere pasientfotografi frå «fjerne strøk», enn pasientfotografi frå vårt eige land og nærmiljø? Denne typen publisering kan utvilsamt kjennast inngripande for einskilde. Kor går eigentleg grensa? Bør me tole at historiske fotografi av pasientar blir gjort tilgjengelege i digitale arkiv?