Fleire av omgrepa som vart nytta då psykiatrien vaks fram
som ein eigen medisinsk disiplin, er i dag utdaterte og blir ikkje nytta
lenger. Eit eksempel på dette finst i tittelen på Noregs første
sinnssjukelov; Lov
om sindssyges behandling og forpleining av 1848.
Omgrepet eg
siktar til er sinnssjuk.
Medan sinnssjuk lenge var eit
samleomgrep for ulike psykiske diagnosar, har det etter kvart mista si
opphavelege tyding. Gjennom utstrekt bruk utanføre psykiatrien har ordet
endra karakter. I dag er det nedsetjande å kalle nokon for sinnssjuk.
Omgrepet
har difor, som eit ledd i likestillingsarbeidet for personar med nedsett
funksjonsevne, dei siste åra vore omdiskutert, deriblant på Stortinget.
«Sinnssjuk» har nemleg vore eit så uproblematisk omgrep, at det er nytta i
lovene våre.
I skadeerstatningslova
§ 1.3 heiter det at: Den som er sinnssyk, åndssvak, bevisstløs
eller befinner seg i en lignende forstyrrelse av sinnstilstanden, plikter
å erstatte den skade han volder for så vidt det finnes rimelig under
hensyn til utvist adferd, økonomisk evne og forholdene ellers. Var
skadevolderen selvforskyldt brakt i en forbigående tilstand som nevnt, har
han det ansvar som ellers ville følge av alminnelige erstatningsregler.
Det
er no vedteke å fjerne dette og fleire liknande omgrep frå dei norske
lovene, slik at FN-konvensjonen om rettigheitene til menneske med nedsett
funksjonsevne (CRPD) blir inkorporert i desse. Arbeidet
med å lovfeste likestilling for denne gruppa er pågåande.
Likeins
er det viktig for samlings- og arkivinstitusjonar å nytte oppdaterte
omgrep i arbeid med registrering og katalogisering, for å unngå eit
diskriminerande og nedlatande språk i presentasjon av materiale som
omhandlar slike tematikkar. For Billedsamlingen gjeld dette for mindre
deler av enkeltfotografia og -samlingane, då psykiatrirelatert fotografi
ikkje er breitt representert i desse.
Søkjer ein på emneordet sindssyg*
får ein to treff i Marcus, begge med «sindssygeasyl» i bilettittelen.
Titlane
i desse to fotografia seier noko om tida fotografia vart tatt: Begge er
frå tidleg på 1900-talet, då dei psykiatriske institusjonane normalt vart
kalla asyl. Dette var vanleg teminologi til åra rundt 1930, då ordet
«asyl» vart erstatta med «sjukehus». Denne endringa skjedde av liknande
grunnar som me byter ut stigmatiserande, negativt ladde og upresise omgrep
i dag.
I tillegg til asyl, vart også omgrepet mentalsjukehus
nytta i den tidlege psykiatrihistoria. Søkjer ein på emneordet mental* får
ein fleire treff i Marcus. Desse viser mellom anna bygningar og områda der
sjukehusa vart reist, men gir også eit innblikk i livet på institusjonen,
gjennom alt frå gruppeportrett av helsepersonell, kyr og grisar i
sjukehus-fjøset, avdelings- og interiørfotografi, samt nokre glimt frå
pasientkvardagen. Sjølv om emneorda kan vera problematiske i dag, ser ein
at mange av fotografia som er katalogisert under desse emneorda kan vere
heilt uproblematiske.
Skal ein følgje dagens retningslinjer for
gode og oppdaterte ordval, kan det til dømes vere naudsynt å katalogisere
denne typen fotografi under eit overordna, oppdatert og akseptabelt
emneord, som psykiatri. Ein bør vidare synleggjere kva som er den
historiske tittelen på fotografiet, dersom denne blir bevart, og gjerne
også skrive ein oppdatert tittel eller tekst til fotografiet. Eit
ytterlegare moment vil vere å informere om kvifor dette problematiske
omgrepet framleis er inkludert i fotografiets metadata. Ein av grunnane
som talar for å gjere dette, er at alle orda som blir brukt i
katalogiseringa – som emneord, bilettitlar, notat som har følgd fotografia
eller liknande – ofte er ein relevant del av historia som eit fotografi
kan fortelje.
Som nemnd i kapittelet Emneord: pasient, er
pasientfotografi å rekne som sensitiv informasjon, og avgjersla om slike
fotografi skal offentleggjerast eller ikkje må difor gjerast på grunnlag
av ei grundig etisk og juridisk vurdering. Blant fotografia under viser to
av dei psykiatriske pasientar. Burde desse vore avpublisert?
Desse
fotografia er hos Billedsamlingen fordi denne institusjonen forvaltar det
fotografiske materialet etter fotografar; yrkesfotografar, kunstfotografar
og amatørar. Dei to nemnde fotografia er tatt av Atelier KK, på oppdrag
frå Møllendals Sindsykeasyl. Billedsamlingen forvaltar samlinga etter
Atelier KK, og held seg i hovudsak til denne som ei fotohistorisk samling.
Dei
same fotografia finst også i fotosamlinga til Bergen byarkiv, men der må
ein søke innsyn og dispensasjon frå teieplikta for å få tilgang. Byarkivet
har nemleg fått desse fotografia som ein del av arkivet etter den
psykiatriske institusjonen. Såleis held Bergen byarkiv seg til dei same
fotografia som Billedsamlingen gjer, men forvaltar bruken av dei på ganske
andre premiss: som historisk dokumentasjon frå spesialisthelsetenesta.
Dette
dømet belyser at konteksten som fotografi blir vurdert ut frå, når det er
snakk om å offentleggjera noko eller ikkje, er ulik for ulike arkiv- og
samlingsinstitusjonar. Det er altså ulike tradisjonar knytt til
publisering av fotohistorisk og medisinhistorisk materiale.
Og for
å svare på kvifor dei ikkje er avpublisert: Fotografia er 100 år gamle, og
ein kan såleis vera trygg på at personane på bileta ikkje lever lenger.
Personane er heller ikkje fotografert i ein kompromitterande situasjon,
eller på ein utleverande måte. Andleta deira er heller ikkje særleg skapt
gjengitt og fotografiet kan såleis ikkje, slik eg vurderer det, påføre
ettermælet deira særleg skade, eksempelvis gjennom digital manipulering
eller andre former for misbruk. Endeleg kan det nemnast at desse
fotografia allereie har vore digitalt tilgjengeleg i meir enn 20 år, og
samla vurdering tilseier såleis at dei kan halda fram som ålment
tilgjengelege historiske fotografi.
Heller enn å skulle avdekke
sensitiv informasjon om einskildindivids psykiske lidingar, fungerer
fotografia som tidsvitner, med kulturell og historisk verdi, frå eit
privatasyl i Bergen i mellomkrigstida.