Kong Bele

Bele var i sogene ein småkonge i Sygnafylke (Sogn) på 800-tallet. Han skal ha budd på Balestrand, der garden Bale etter ein lokal tradisjon har namn etter han. Eit islandsk manuskript frå 1300-talet fortel at Bele hadde tre born: Helge, Halvdan og Ingebjørg. Ho skulle gifte seg med Fridtjov den frøkne, men brørne fekk ham bort frå giftemålet, og ho vart i staden gift med kong Ring på Ringerike. Keiser Vilhelm II av Tyskland fekk i 1913 reist ei statue av kong Bele på ein av Balehaugane i Balestrand, og ei kolossalstatue av Fridtjov på Vangsnes.

comments powered by Disqus