Fotografi skapt av

Laget mellom 1883-02-01 og 1883-02-28


Nettsider
Wikipedia

Signatur: ubb-trom-062




Eies av Billedsamlingen

Klemet Gundersen budde i Avžži. I 1828 vart han tilsett som lærar i Kautokeino. Den første tida reiste han omkring frå siida til siida som omgangsskolelærar, frå 1831 vart det fast skole i kyrkjestaden Kautokeino. Klemet fekk då eit husrom der òg, slik at han kunne bu der den tida av året dei heldt skole. Elles budde han fast på garden Jaremguolpan i Avzzi, der han hadde eit bruk med 9 storfe, 20 sauer og 40 rein – i tillegg til at han dyrka potet. Som kyrkjetolk omsette han prestens ord frå norsk til samisk. Han kunne òg hjelpe presten til sjølv å gjere seg forstått på samisk. Han orienterte òg presten om kva som rørte seg blant folk i soknet på det religiøse feltet. Då den læstadianske vekkinga breidde seg i indre Finnmark midt på 1800-talet, vart òg Klemet gripen av denne rørsla, men då biskop Juell kom til Kautokeino i samband med uroa vekkinga hadde ført med seg, gav han offentleg uttrykk for at han hadde vore på ville vegar, og at han gjekk attende til biskopens tru. – Slik offentleg syndevedkjenning var forøvrig eit karakteristisk trekk for læstadiansk kristendom. Då uroa i Kautokeino toppa seg med Kautokeino-opprøret i november 1852, vart det sendt bod til Klemet Gundersen i Avžži. Væpna med ei uladd hagle for han med eit følgje på i alt seksten menn og tre kvinner til Kautokeino, som han nådde på ettermiddagen. Her greidde følgjet hans etter hard kamp å ta opprørarane til fange og stengje dei inne i stabburet på prestegarden. Klemet Gundersen heldt fram som lærar og kyrkjesongar til 1869. Viss en ser på hendene til Clement kan det se ut som han kanskje har vitiligo, en hudsykdom kjennetegnet av hvite flekker på huden.

Namnet til Klemet Gundersen blei òg skrive Clemet, Clement, Klemmet og Klement. Ulike kjelder har oppført ulike fødselsår: Ved konfirmasjonen hans i 1820 er han oppført med alder 16 år. I folketeljinga 1865 er han oppført med alder 63 år, i 1875 med fødselsår 1797. Då han døydde 25. mars 1888 var fødselsåret oppført til 1800.

Dette bildet er knyttet til emnene Innovervendt pesk, Klokker, Kniv, Lærer, Mann, Pesk, Portrett, Samisk, Samiske klær, Stjernelue, UNESCO, Vitiligo

Avbildet:

Clement Gundersen
(1802 - 1888-03-25)

Klokker og lærer i Kautokeino frå 1828-1871. Ifølge Sophus Tromholt var ...

Tilknyttet hendelse

Samling

Kritisk katalogisering

Fra april-september 2025 fikk Billedsamlingen ekstern støtte ... se mer

Sophus Tromholts samling

Norsk:<br>Danske Sophus Tromholt (1851-1896) kom til Bergen so... se mer

Relaterte bilder:


Kommmentarer fra Disqus er slått av. Tilbakemeldinger og rettelser kan sendes inn på epost til Spesialsamlingene.