Strilekrigen

Den 18. april 2015 er det 250 år sidan Strilekrigen i Bergen. Då gjekk over 2000 rasande strilebønder til åtak på øvrigheita i byen. For ein kort periode var samfunnet snudd på hovudet. Kongens embetsmenn vart behandla som tjuvpakk, og flokkar med fattige strilar gjorde som dei ville. Korleis kunne dette skje?

På grunn av sjuårskrigen (1756-63) vart det sett opp ein beredskapsstyrke i Slesvig Holstein – sør i Danmark. Denne hærmønstringa vog tungt på ei allereie stor dansk statsgjeld, og for å få nedskrive gjelda vart det skrive ut ein ekstraskatt. Denne skatten - på ein riksdaler - vart pålagd alle innbyggjarane i Danmark-Noreg over 12 år frå 23. september 1762.

Skatteinnkrevjinga var uproblematisk i Danmark, men norske protestar førde til ei rekke regelendringar for norske skattebetalarar. Dette skapte forvirring både blant dei som skulle skriva ut skatten og dei som var pålagd å betala. Mange på Vestlandet meinte at skatten dessutan vart driven inn med alt for hardhendte metodar. På grunn av misnøye kom derfor ein stor delegasjon nordhordlandsbønder – dei såkalla strilane – til Bergen 1. mars 1765. Strilane leverte eit klagebrev meint for kong Frederik 5. til stiftamtmann Ulrik Fredrik von Cicignon. Her kom bøndene sitt syn på skatten fram: Etter deira meining var innkrevjinga både vilkårleg og ulovleg. Dei mange bøndene i byen skapte tilløp til samanstøytar mellom bønder og soldatar. Bøndene slo seg først til ro då dei fekk vita at eit svar på klaga ville føreligga innan 11. april.

Då det ikkje med ein gong kom noko svar på brevet til kongen, vende meir enn 2500 bønder attende til Bergen den 18. april. Bøndene gjekk då til stiftamtmann Cicignon og kravde å få sjå den rette forordninga som fortalde om ekstraskatten. Då Cicignon ikkje kunne visa fram denne oppstod det ein situasjon kor både stiftamtmann Cicignon og den lokale futen Oluf Bildsøe vart truga på livet. Etter eit basketak der bøndene mellom anna inntok Stiftsgården, vart dei to pressa til å betala attende ekstraskatten dei neste dagane.

Etter opprøret nedsette kong Frederik ein granskingskommisjon. Denne kartla kva som hadde skapt uroa og kva som faktisk hadde føregått under dei turbulente dagane. Begge sider, både myndigheiter og strilar, vart kritiserte, og tre opprørske bønder vart dømde til døden sjølv om hendingsforløpet aldri vart fullstendig klarlagt. Desse vart sidan benåda til livsvarig fengsel. Ei anna følgje av kommisjonen sitt arbeid var bestemminga om at skatten måtte tilbakebetalast.

Bondeopprøret må likevel ha gjort inntrykk på styresmaktene i København: Endringar både i skatten og i innkrevjingsmetodane fann stad og ekstraskatten vart avvikla for Noreg sin del i 1772. I Danmark vart ekstraskatten ståande til 1812.

Handlingsforløp

Strilekrigen i Anno 1764

Viktige aktørar

I samband med Strilekrigen 1765 var fleire personar involvert. Nedanfor følgjer ei liste over dei viktigaste aktørane.


Kong Fredrik 5.

Kong Frederik 5. (1723-1766) regjerte Danmark-Noreg i 20 år. Å seia at han regjerte kan vel på mange vis vera ei sanning med modifikasjonar. Kongen sjølv var stort sett meir opptatt av alkohol og andre typar utskeiingar enn politikk. Dette hadde likevel sine føremoner. Eineveldet sine embetsmenn og byråkratar fekk arbeida utan innblanding frå kongen, og regjeringstida hans vart gjerne omtalt som eit høgdepunkt i det ein kan kalla “det byråkratiske eineveldet.” Regjeringsarbeidet vart leia av rådgjevarane til kongen med overhoffmarskalk Adam Gottlob Moltke i spissen. Han fekk ein viktig maktposisjon, men ser i liten grad ut for å ha misbrukt denne.

Regjeringstida til Frederik var prega av ein annan og meir utettervend livsstil enn dei pietistiske og tilbaketrekte forgjengarane. Kongen sjølv levde ei stadig meir utsvevande livsførsel ettersom åra gjekk og rangla både på slotta og i dei meir tvilsomme stroka i København. Mange elskarinner, deriblant ei fast, “madam Hansen”, var óg ein del av dette biletet.

I perioden 1756–63 herja sjuårskrigen i Europa. Frankrike, Austerrike, Russland og Sverige kjempa mot Storbritannia og Preussen. Danmark-Noreg vart verande nøytralt trass i press utanfrå. Store summar vart brukt til å halda ein stor hær på nøytralitetsvakt i Slesvig-Holstein dei siste fem åra av krigen. På grunn av dei store utgiftene nøytralitetsvakta medførte vart det i 1762 innført ein ekstraskatt som skapte sterk motstand i Noreg. Motstanden toppa seg med den såkalla “Strilekrigen” i Bergen 1765. Kongen sjølv var på denne tida sterkt redusert av en utsvevande livsførsel. I januar 1776 var det derfor mange som pusta letta ut då kongen døde av vattersott.

Frederik V av Danmark og Noreg
«Pilo - Frederik V of Denmark» av Carl Gustaf Pilo - Eige verk, foto av Szilas i Nationalmuseum, Stockholm. Lisensiert under offentleg eigedom via Wikimedia Commons.

Ulrik Frederik Cicignon

Etter å ha studert ved fleire franske militærakademi vart Ulrik Frederik Cicignon i 1718 premierløytnant ved det Søndenfjeldske gevorbne infanteriregiment. Etter å ha gått gradene, vart Cicignon i 1764 generalmajor og geheimeråd. I tillegg til den militære karrieren var Cicignon stiftamtmann i Bergen sidan 1749. Ein av regimentsjefane til Cicignon karakteriserte han som ein offiser av "middelmaadig Statur, dog af en smuk Exterieur. Aldeles ikke til laster hengiven, men til det, som roesværdigt og dydig være kan".

Som stiftamtmann viste Cicignon seg som ein dugande administrator. Mellom anna bidrog han ved oppmudringa av hamna i Bergen, samt til arbeida med den nye hamna ved tollboden og oppføringa av sjølve tollbodshuset. Cicignon sytte òg for å få bygd Nykirken opp att etter den store brannen i 1756. Som privatperson ytte Cicignon dessutan rundhanda til at byens rådhus vart utbetra og gjort vakrare, samt til nye klokker til Domkirken. Cicignon utmerkte seg i tillegg som ein velgjerar for dei vanskelegstilte i byen. Mottoet hans som dannebrogsriddar var "Middelvey fejler ey".

Cicignon fekk hard medfart under strilekrigen. Årsaka til dette var den såkalla ekstraskatten, som var pålagd alle innbyggjarane i Danmark-Noreg i 1762. Mange på Vestlandet meinte at skatten vart inndriven med litt for hardhendte metodar, og klaga difor til Cicignon. Sidan berre nokon få fekk skattelette, vart strilane rasande. Ei stor folkemengd samla seg i Bergen og let sinnet gå ut over stiftamtmannen. Ein kommisjon som vart utnemnd for å granske hendinga, kom med sterk kritikk mot Cicignon for måten han hadde handtert det heile på. Han ble likevel verande i embetet til 1766, då han drog frå Bergen.

Ulrik Fredrik Cicignon.JPG
"Ulrik Fredrik Cicignon" av ukjent. Lisensiert under offentleg eigedom via Wikimedia Commons.

Oluf Lund Bildsøe

Oluf Lund Bildsøe var dansk jurist. Han vart utnemnd til fut i Nordhordland og Voss fogderi i 1758.

Same året kjøpte han garden Strømsnes på Askøy. Han gifta seg med Martine Rodevold i Bergen i 1758. Ho var enke og hadde to små barn. Bildsøe og kona fekk ingen born saman. Fogden, eller futen som han ofte vart nemnt, hadde som oppgave å kreva inn skatt. Då ekstraskatten vart innført i 1762, sleit Bildsøe med å få pengane inn. Han bad då stiftamtmann Cicignon om få ta i bruk militær eksekusjon for å få inn dei uteståande midlane. Det fekk han lov til. Kommisjonen oppdaga fleire tilfelle av urimeleg bruk av militær makt for å få inn skatten. Dette vart Bildsøe kritisert for.

Den 18. april reiste Bildsøe til Bergen for å advara Cicignon om bøndene sitt raseri. Han vart sjølv omringa på gata, slått og utskjelt, og halden innestengt i losjiet sitt ute ved Nykirken om natta. Dagen etter, etter ordre frå stiftamtmannen, måtte futen stå for tilbakebetalinga av skatten han hadde krevd inn tidlegare. I tida etter, og heile sommaren og hausten, klarte ikkje Bildsøe å utføra embetet sitt slik han skulle, og måtte ved mange høve få fullmektigen sin til å tre inn i hans stad. Bilsdøe var ein fysisk og psykisk nedbroten mann etter det som hadde hendt.

I januar 1766 vart han utnemnd til kammerråd. Den 11. februar same år vart han, etter søknad til Rentekammeret, dimmitert frå stillinga si som fut i Nordhordland og Voss fogderi. I april 1766 døde Oluf Lund Bildsøe, og vart gravlagt på Strusshamn kyrkjegard på Askøy.

Enka, Martine Rodevold Bildsøe, hevda at han døydde av skadane bøndene hadde påført han året før.

Måleri av hovudhuset på Strømsnes gard på Askøy. Måla av Ole Nilsen Skogen (fødd 1840).

Jonas Rognaldson Sletten

Jonas Rognaldson Sletten var fødd i 1739 som son av Rognald Einarson og kona Alet Madsdtr. Sletta (på Radøy) i Lygra sokn og Lindås prestegjeld.

Foreldra var begge av god bondeslekt frå Høyanger i Sogn, men hadde flytta til Sletta på Radøy i 1720. Dei fekk åtte born og Jonas var den yngste. Faren Rognald var i fleire år lagrettemann for Radøy skipreide, men han døydde alt i 1749, då Jonas berre var ti år gamal. Mora Alet døydde i 1756 og skiftet etter henne syner eit rikt bu og dei fem attlevande borna arva ho. Jonas gifta seg i 1763 med enka Synneva Olsdtr. Pletten (1725-1786) på Radøy og flytta til garden hennar. Med sin første mann hadde Synneva hatt 5 born og såleis vart Jonas stefar. Til tross for at kona var 14 år eldre fekk dei i 1764 dottera Mildrid, men ho døydde som barn.

Synneva og Jonas eigde gardsbruket sitt på Pletten, men til liks med grannane tykte dei nok at ekstraskatten sette dei i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Valet var derfor enkelt når den 26 år gamle Jonas saman med grannane sine på Sletta på Radøy reiste inn til Bergen i midten av april 1765. Under tumultane i Stiftamtmannsgården var Jonas til stade. Etter opprøret reiste han heim att til Radøy, men det gjekk ikkje lenge før han vart henta i ein armert sjalupp og ført i jern til festninga i Bergen. Her vart det omfattande avhøyr. Sletten nekta for å ha slått stiftamtmann Cicignon. Den same Cicignon stadfesta at det ikkje var Jonas Rognaldson Sletten som hadde slått til han. Tenaren Anders Andersson kjende han heller ikkje igjen. Men heilt uskuldig har nok Jonas ikkje vore. Han hadde skrytt til grannane av at han hadde vore med på å riva av ordensbåndet til Cicignon. Jonas hadde dessutan kritisert stiftamtmannen for å gjera urett når han kravde inn ekstraskatten. Sletten hadde også vore med på å ha jaga amtmann og fut. Under rettssaka vart Jonas Rognaldson Sletten dømt til døden. Dette var ein svær streng dom og Jonas anka dommen. I motsetnad til dei andre som vart dømt til slaveri, vart dommen til Jonas oppheva. I 1768 vart han sleppt fri og kunne reisa heim att til Radøy. Men heime på Sletta har det nok ikkje vore så enkelt for kona Synneva økonomisk. Året etter (1769) selde dei garden og flytta til Sandviken i Bergen. Her livnærte Jonas seg som fløttmann (transport av folk). Både han og kona døydde i 1786.

I skiftet etter dei vart buet delt mellom Jonas sine sysken (Mads Rognaldsen Spjutøy i Lindås, Einar Rognaldson Sletten på Radøy og Kari Rognaldsdtr. i Bergen) og kona sine to attlevande born frå første ekteskap (Johannes Olsson og Jorna Olsdtr.).

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Nordhordland sorenskriveri, Skifteprotokoll A 7b, 1786-1788, oppb: Statsarkivet i Bergen. Merknader: Fol. 481-ut.

Etter at Jonas Rognaldson Sletten flytta frå Radøy vart han fløttmann i Bergen. Kjelde: UB.

Ola Erikson Svindal

Ola Erikson Svindal var fødd kring 1710 på Svindal i Lindås som son av leiglendingen Erik Torkildson og kona Maria Johannesdtr. Svindal i Myking sokn i Lindås prestegjeld.

Ola vaks opp med foreldre og 4-5 sysken. I 1734 gifta han seg med Åsa Helgesdtr. Vassel (1718-1777)

Åsa og Ola dreiv garden på Svindal og fekk ti born i perioden 1736-1759. I 1734 fekk Ola skøyte på halve gardsbruket sitt i Svindal, medan han bygsla den andre halvdelen. For Ola og kona Åsa som dreiv eit lite gardsbruk var ekstraskatten ei stor vanskeleg bør. Det var nok derfor ikkje så rart at Ola slo seg saman med grannane og reiste inn til Bergen 17.-18. april 1765. I Stiftamtmannsgården kom det til handgemeng og Ola slo til stiftamtmann Cicignon i andletet. I tillegg hadde han vore grov i munnen mot Cicignon. Etter opprøret reiste Ola heim att til Svindal, men det gjekk ikkje lenge etter før han vart henta i ein armert sjalupp og ført i jern til festninga i Bergen. Ola vart forhøyrd av politiet og kommisjonen i Bergen. I tillegg stadfesta Cicignon saman med to tenare at det var Ola Erikson Svindal som hadde slått han i andletet. Saka kom for retten og Ola vart saman med Ola Jonson Høvik og Jonas Rognaldson Sletten dømde til å missa livet. Seinare vart dødsdommane deira gjort om til livsvarig fengsel og Ola satt på slaveriet i Bergen frå 1. november 1768 til 20. juli 1771.

I juli 1771 vart han benåda av Kongen og reiste heim att til kona Åsa på Svindal. Ho satt trongt i det medan mannen hadde vore fengsla. Etter å ha vore på slaveriet i fleire år hadde nok helsa til Ola fått seg ein knekk. Då han døydde i 1775 var han ein mann på rundt 65 år. Andre kjelder gjev opp at han var nærare 70 år under opprøret i 1765, men det er nok ei overdriving.

Tunet på Svindal bnr. 2 kring 1960. I bakgrunnen ser me ein arm av Hindenesfjorden. På 1700-talet var det eit klyngetun med to gardsbruk på Svindal i Myking sokn i Lindås prestegjeld. Det gamle våningshuset på biletet kan ha vore frå 1700-talet. Det var på denne garden Ola Erikson Svindal frå Strilekrigen budde. I dag er våningshuset borte. (Utlån: Birger Carlsen).

Ola Jonson Høvik

Ola Jonson Høvik var fødd i 1738 og døypt 8. april ved Mo kyrkje i Modalen i Hamre prestegjeld som son av Jon Olson og kona Anna Simonsdtr. Høvik i Eksingedalen.

Hamre prestegjeld var den gongen så stort at det strakk seg frå Meland og Åsane i vest til Modalen og Eksingedalen i aust. Sidan det var så stort vart Hamre prestegjeld delt i to i 1750. Det nye prestegjeldet blei kalla Hosanger prestegjeld og hadde tre soknekyrkjer: Mo, Seim og Hosanger. I 1752 mista Ola far sin Jon. Jon Olson Høvik vart berre 40 år gamal. Seinare same år gifta mora seg på nytt med Johannes Askildson Mo. I det første ekteskapet hadde det vore seks born og i det andre to, men to av borna døydde små. Ola vart konfirmert sundag 12. juni 1755 ved Mo kyrkje i Hosanger prestegjeld.

I 1764 kjøpte Ola Jonson seg eit lite gardsbruk på Nese. Då han kjøpte garden på Nese var han soldat (gardist). Då strileopprøret braut laus i april 1765 var Ola på veg frå Nordfjord til København. Ola var høg og tynn og var iført ein gul uniform som gjorde han lett gjenkjenneleg. Han var den første som dro med seg futen ut på gata. Han oppelda også dei andre frammøtte bøndene. I tillegg gjorde han skadeverk på stiftamtmann Cicignon sitt hus. Ola innrømde seinare i avhøyr at han hadde vore med på å ha mishandla futen og gjort skadeverk på stiftamtmannen sin bustad. Etter åtaket i Bergen klarte Ola å komma seg unna. Han reiste som planlagd til København. Men seinare vart han pågripen i København og ført til Bergen under strengt vakthald. Ola blei først dømd til dauden, men vart seinare benåda til livsvarig slaveri. Han sat på slaveriet i Bergen frå 1. november 1768 til 25. februar 1771.

I februar 1771 vart han benåda og han reiste då heim til Eksingedalen. Kven som hadde drive gardsbruket på Nese medan han sat fengsla veit me ikkje. Enten har det vore drevet av slektningar eller så har det vore pakta bort. Uansett gjekk det ikkje lenge før han gifta seg etter han slapp ut. Den 23. juni 1771 gifta han seg med Ragnhild Johannesdtr. Lavik (1741-1831) frå Eksingedalen. Ekteparet fekk borna Jon (1772-1772) og Anna (1773-1860), men det var ikkje noko langvarig ekteskap.

Ola var berre 35 år gamal då han døydde sumaren 1774. Han vart jordfesta frå Flatekvål kapell i Eksingedalen 3. juli 1774. Det vart halde skifte etter Ola Jonson Nese 13. august 1774. Han etterlet seg enka Ragnhild og dottera Anna på 1 ½ år. Etter at gjelda vart trekt frå var det igjen i underkant av 84 riksdalar. Anna arva då 41 riksdalar 4 ort og 4 skilling. Sidan ho var umyndig fekk ho oppnemnd Johannes Askildson Høvik som formyndar. Den same Johannes var andre mannen til Anna si farmor Anna Simonsdtr. Høvik. Enka Ragnhild gifta seg på nytt i 1775 med Simon Johannesson Flatekvål. Mora og stefaren dreiv garden til dottera Anna Olsdtr. tok over i 1790. Det året gifta ho seg med Ola Knutson Hermundsdal. Det lever ei stor etterslekt etter Ola Jonson Høvik via dottera Anna.

Om Ola Jonson Høvik er det også gjeve ut ein roman av sokneprest Åsmund Farestveit, Berserken og mor hans i 1986.

Ola Jonson Høvik som me kjenner frå Strilekrigen budde på garden Nese frå 1764. Då Ola budde der var det eit klyngetun på garden. Biletet viser tunet på Nese i Eksingedalen omkring 1900. Frå venstre Nese bnr. 4, bnr. 3, bnr. 2 og 1. Huset på Nese bnr. 1 vart oppført i 1896. Utlån: Ole Jakob Nese.

Jochum de Lange

Jochum de Lange var fødd i Bergen i 1745 som son av skipper, kjøpmann og borgar i Bergen. Anna Cathrine døydde alt i 1748 då Jochum berre var tre år gamal, men alt våren 1750 gifta faren seg på nytt med Anna Maria Ibsen. Ho vart Jochum si stemor.

Jochum vaks opp i ein ganske rik borgar- og kjøpmannsheim i Bergen. I 1764 kjøpte han garden Flatøy i Nordhordland. Faren Conradus var god for fleire tusen riksdalar. I april 1765 var Jochum i Bergen i samband med skifteoppgjeret etter faren Conradus de Lange. Skiftet vart påbegynt 27. mars 1765 og Conradus etterlet seg tre søner og to døtrer. Jochum var den eldste sonen. Han budde både i Bergen og på Flatøy. Då strileopprøret byrja 18. april 1765, hadde Jochum vore på rangel kvelden før. I følgje kommisjonen vart han dradd med i opprøret i kombinasjon av ”Bondemod” og ”Drukkenskab”. Jochum hadde vore med på å ha skjelt ut og slått futen Bildsøe. Fleire av bøndene fortalde seinare til kommisjonen at dei under opptøyene hadde sett på de Lange som ein leiar. At ein borgarson var saman med bøndene på denne måten var nesten utenkjeleg. Etter nokre dagar vart Jochum pågripen på garden sin Flatøy og førd til Bergen. Tanta til Jochum, Karen Mistel, uttalte at nevøen ”af Naturen er meget taabelig”. Under avhøyra kom det fram at Jochum har vore utsett for tortur i fengselet. I nokre av dokumenta kjem det også frem at han kunne ha tilstått kva som helst. I 1767 vart Jochum dømd til å mista si ære og eigedom, i tillegg til livsvarig slaveri i jern på Festningen. Jochum klarte ikkje fengselsopphaldet og etter tre år døydde han i fengselet i april 1768

Jochum var i 1765 trulova med Anna Catharina Hellemand. Ho fekk besøka Jochum i fengselet i Bergen. I januar 1769 fekk dei dottera Jochumine Cathrine. Då ho vart døypt i Hamre kyrkje på Osterøy 14. januar 1769 hadde faren vore død i nesten 9 månader. Sjølv om Jochumine var fødd utan at foreldra var gifte fekk ho status som ektefødd barn etter eit særskilt kongeløyve.

Mora Anna Catharina fekk status som kona til Jochum og dermed arva ho Flatøy. Dottera Jochumine Cathrine gifta seg i 1802 med Lennert Gabriel de Lange. Dei fekk tre born og budde i Bergen ved folketeljinga i 1815.

Flyfoto av Flatøy i 2004. I 1764 kjøpte Jochum de Lange garden Flatøy. Året etter deltok Jochum i Strilekrigen. Foto: Vegar Valde (utlån: Meland Sogelag v/Arnt Brakstad).

Erik Bartrumson

Erik Bartrumson (eller Bertramson) var fødd cirka 1710 i Bergen og døydde i Bergen i 1787. Kven foreldra hans var veit me ikkje. Men det me veit er at Erik vart skomakar. Den 16. juni 1748 gifta ungkar og skomakarsvenn Erik Bartrumson seg i Domkyrkja i Bergen med ”pigen” Inger Olsdtr.

Dei busette seg på Kalfaret, og fekk to dødfødde born i 1748 og 1749. Fleire born vart det ikkje på Erik og Inger. Under strileopprøret skal Erik saman med bønder og byens pøbel ifølgje vitner ha brote seg inn hos rådmann Hoel for å henta ut futen Bildsøe. Han fortalde bøndene at dei måtte ha stempla papir når stiftamtmannen skreiv under på at han skulle betala tilbake skattepengane. Erik Bertramson vart også skulda for oppvigling og hærverk på huset til rådmannen. Dette nekta han for, men han kunne ikkje nekta for å ha deltatt under opptøyane 18. april. Det heile enda med at Erik seinare vart gripen og han sat fengsla på Slaveriet i Bergen i tre månader frå 6. februar 1766 til 6. mai 1766. Etter det vart han ein fri mann.

Enkemann og skomakar Erik Bartrumson fekk dottera Johanna Catharina i 1769. Barnemora var Anna Hermansdtr. frå Fløen i Årstad. Johanna Catharina vart døypt ved St. Jørgen kyrkje 10. mars 1769. Erik gifta seg imidlertid ikkje opp att og døydde som ein gamal mann i september 1787.

Det var her på Kalfaret Bartrumson budde då før han tok del i Strilekrigen. Bilete viser "Parti av Kalfaret ca. 1880". Foto: K. Knudsen.

Gregorius Andersson Bjerkelie

Gregorius Andersson Bjerkelie var fødd kring 1722 i Trondheim stift. Han vart i 1764 dimittert frå fotgarden i København etter 20 års teneste. Han reiste då til Nordfjord, men på vegen las han opp forordningar om ekstraskatten. Desse viste seg seinare å vera falske. Gregorius klarte likevel å overtyda bøndene om at han kom i eit viktig ærend som gjaldt ekstraskatten, og fekk såleis fri skyss undervegs. Då han kom heim att, ville bøndene ha han til å vera deira talsmann. Dei ville senda han til København for å tala saka deira, men futen for Sunnfjord- og Nordfjord nekta. Gregorius var ikkje i Bergen 18. april 1765, men han kom dit i mai.

Då heldt han fram med å leggja ut om dei falske forordningane, og at han kom i eit viktig ærend frå Kongen. Han vart avhøyrd av politiet og kommisjonen, men det vart ikkje reist sak mot han. Likevel sat Gregorius fengsla på slaveriet i eitt år frå 6. februar 1766 til 6. februar 1767. Då var han ein fri mann.

Gregorius Andersson Bjerkelie var født i Trondheim stift rundt år 1722. Han vart seinere arrestert i Bergen i forbindelse med Strilekrigen. Bildet viser Trondheim rundt år 1800. "City of Drontheim (JW Edy plate 72)" av John William Edy - Boydell's picturesque scenery of Norway, London, 1820. Plate no. 72 (s. 361 i digitalisert kopi). Lisensiert under offentleg eigedom via Wikimedia Commons.

Baltasar Larsson

Baltasar Larsson budde i Bergen i 1765. Han vart arrestert etter ordre frå stiftamtmann Cicignon for å selja ekte og falske forordningar. Under avhøyra kom det fram at han var ein fattig mann som sleit med å brødfø familien. At han hadde slutta å selja forordningar etter 18. april 1765, vart sett på som formildande. Saka mot ham vart ikkje ført for retten, og etter eit par månader i arresten var han ein fri mann. Han måtte heretter lova å ikkje laga eller selja forordningar.

Baltasar Larsson vart arrestert for sal av falske forordningar. Den mest kjende forordninga var denne som var datert 8. april 1764. Den gav alle bønder som eigde mindre enn 300 riksdaler skattefritak. Kjelde: UB Bergen.

Thor Johansson Leyrdahl

Thor Johansson Leyrdahl var fødd kring 1741 i Bergen og var knappestøypar same staden. Han vart arrestert i 1765 fordi ein politimann såg at han gjekk rundt med ei falsk forordning. Dette var den same forordninga som ei tenestejente tidlegare hadde funnet på Haus prestegard på Osterøy. Thor Johan forklarte at han hadde funne forordninga utanfor Rådstuen 18. april 1765. Samstundes hadde han gjort forordninga kjend. Mistanken om at det var Leyrdahl sjølv som stod bak vart ikkje bekrefta. Saka hans kom ikkje for retten og etter tre månader med arrest vart han sleppt fri.

Raadhuset Bergen 1765.jpg
I kjellaren på rådhuset sat Thor Leyrdahl då han vart arrestert i 1765. "Raadhuset Bergen 1765" av J.J. Reichborn - teikning av J. J. Reichborn i Hildebrant Meyers manuskripter, 1764. Bergen Byarkiv. Lisensiert under offentleg eigedom via Wikimedia Commons

Viktige omgrep

Utkommanderinga til Holstein 1758-1762

I mai 1758 gjekk det ut kongeleg ordre om at norske militære avdelingar skulle overførast til grensevakt i Holstein. Sommaren 1758 vart dei første avdelingane sendt, og i august var i alt 7332 norske soldatar på plass. Seinare vart styrken auka, og i alt vart om lag 12000 norske soldatar utkommanderte til Holstein.

Det kom ikkje til ordinære krigshandlingar i dei åra dei norske troppestyrkane stod i Holstein, men sjukdom tok livet av mange norske soldatar, ikkje minst under marsjen heim. Om lag 25% av soldatane (rundt 3000 av ca 12.000 utkommanderte nordmenn) døydde i løpet av utkommanderinga.

På heimvegen tok soldatane med seg sjukdom, som vart spreidd til dei fastbuande langs reiserutene, og 1763-64 vart demografiske kriseår i store delar av Noreg som eit resultat av dette.

Utkommanderinga var ressurskrevjande, og er ein direkte utløysande årsak til utskrivinga av ekstraskatt frå 1762.

Battle of Leuthen 2.jpg
På grunn av sjuårskrigen (1756 – 1763) vart det behov for ein større ståande dansk-norsk nøytralitetshær i Holstein (1758-62). Biletet viser slaget ved Leuthen i dagens Polen i 1757. Dette var eit av mange slag på det europeiske fastlandet under denne krigen. Fredrik den store slo her ein overlegen austerrisk styrke. «Battle of Leuthen 2» av Carl Röchling. Lisensiert under offentleg eigedom via Wikimedia Commons.

Kongeriket Danmark-Noreg

I 1765 var Noreg i union saman med Danmark, og hadde vore det i uminnelege tider. Skriftspråket var dansk, alle embetsmenn var utdanna i Danmark, dei aller fleste av dei hadde danske, eller tyske, aner. Det absolutte sentrum i denne langstrakte staten var Kongens by, København.

I 1765 hadde også det dansk-norske eineveldet eksistert i vel hundre år, og hadde blitt vel etablert for lenge sidan. I 1660 hadde kongen fått absolutt kontroll over statsstyringa på kostnad av den danske høgadelen, og sidan hadde den dansk-norske eineveldige staten blitt både kodifisert gjennom Kongeloven (1665) og etableringa av eit eineveldig system, med eit statleg embetsverk og eit privilegiesamfunn som sette strenge føringar og krav til korleis samfunnet skulle innrettast. Eit aspekt ved dette var store tyngsler påført befolkninga, både gjennom storstilt soldatutskriving og ei hard skattelegging. Begge desse faktorane er heilt sentrale i samband med Strilekrigen, eitt av dei mest omfattande bondeopprøra i Danmark-Noreg på 1700-talet.

"Carte la plus nouvelle de la Scandinivie ou les couronnes du nord" av J. Ottens og R. Ottens. Spesialsamlingen, UiB.

Bergen – eit lite tidsbilete

I 1765 låg Bergen som ein hestesko rundt Vågen. Trehusa som vaks fram etter bybrannen i 1702 og den store brannen på Strandsiden i 1756 hadde sett sitt preg på byen. Bergen var Noregs største by og Danmark-Noregs viktigaste handelsby, og det var handels- og sjøfartsverksemda knytt til hamna som dominerte både transporten og det meste av bylivet.

På Vågen var det eit yrande liv både med byens mange fløttbåtar og føringsskuter som frakta folk og varer mellom skip og kaier og mellom dei ulike delane av byen. Økonomisk fungerte Bergen som stapelsby eller distribusjonssentrum for varer frå utlandet og langs heile norskekysten. Særleg fiskehandelen mot Nord-Noreg vart sett på som viktig, men både handelen med Nordvestlandet og med omlandet til byen var betydeleg. Det sistnemnde var dessutan heilt nødvendig for å forsyna byen med daglegvarer. På midten av 1760-åra hadde det vore stagnasjon i handelen i ei årrekke, faktisk sleit Bergen enno med å nå opp til den handels- og sjøfartsverksemda som hadde vore i byen fram til Den Store Nordiske krigen som tok slutt i 1719. Dei dårlege økonomiske tidene hadde også påverka innbyggartalet i byen i tiåra før 1765 og byen hadde på denne tida kring 13 500-14 000 innbyggarar.

"Carta over Bergen" av M. Abel og Conrad Friderich Reichborn. Spesialsamlingen, UiB.

Strileomgrepet

Stril er namnet på folk som bur i Nordhordland og Midhordland, det såkalla Strilelandet. I dag (2015) reknar ein følgjande kommunar som strilekommunar: Austevoll, Sund, Fjell, Øygarden, Fedje, Austrheim, Radøy, Meland, Askøy, Bergen, Os, Fusa, Samnanger, Osterøy, Vaksdal, Lindås, Masfjorden og Modalen. Også dei gamle omlandskommunane rundt Bergen vart rekna som strilekommunar: Årstad, Laksevåg, Fana, Arna og Åsane. Gulen var også ein del av Nordhordland til 1773. Under Strilekrigen deltok også bønder frå Gulen.

Kva ordet stril kjem av veit ein ikkje sikkert, men omgrepet dukkar opp på 1600-talet. Omgrepet stril har også blitt sett i samanheng med å vera stridig, jamfør Strilekrigen 1765. Det var også strilane som forsynte Bergen med mjølk og andre gardsprodukt. Var ein stril skulle ein helst komma seg til Bergen i løpet av ein dags roing. Strileomgrepet har også vore brukt negativt og nærmast som skjellsord, spesielt av bergensarane. Denne negativiteten har eksistert opp mot våre dagar. I dag er det eit heidersteikn å vera stril eller å ha røter frå strilelandet.

Havstrilar frå Sund prestegjeld. Litografi frå Prahl sitt verk om norske folkedrakter. Etter teikning av Losting.

Mjølkebeltet

Midt på 1700-talet auka etterspørselen etter søt mjølk sterkt i Bergen, og med auka etterspørsel auka prisane. Det vart lukrativt å kunne levera søtmjølka søt, og sidan det var dårlege vegar og vanskeleg å transportere mjølka, var det dei gardsbruka som låg i gangavstand til byen, som kunne levera. Prisen på jord i dette området auka sterkt frå rundt 1740, og desse gardsbruka høyrde til det ein kan kalle ”mjølkebeltet”. Dei auka prisane på jord førte til at storparten av desse gardane vart kjøpt opp av rike bergenskjøpmenn eller embetsmenn, og dei gjorde mange av desse gardane om til ”lystgardar”, med store kjøpstadhus og hagar, der det vart investert i større produksjon, oppdyrking og meir produktive husdyr.

Marta Nilsdotter Blom (ca. 1678-1766) måla i 1742. Ho var ei av fleire strilekoner som var med på å spreie bodskapen om at bøndene skulle møtast i Bergen 18. april. Det var strilekonene som sto for gardsdrifta og mjølka kyrne i det såkalla mjølkebeltet rundt Bergen. Marta budde på Blom på Osterøy og glassmåleriet var i den gamle kyrkja på Haus som vart riven i 1870-åra. Sonen til Marta, Nils Steffensen Blom, var ein av dei som var med på oppløpet i Bergen. Kjelde: Kode1.

Tollbyen Bergen

Toll var ei viktig inntektskjelde for den dansk-norske staten, og lenge skulle det betalast også for varer som vart tekne inn til byane. Det var plassert tollstasjonar i Sandviken, Stadsporten og Tollboden, der det vart lagt toll på alle varer som vart ført inn til Bergen.

Teikning av Reichborn av Tollboden i Bergen frå 1768. Det var her dei roande strilane måtte innom til fortolling før dei fekk selja varene sine i Bergen.

Stiftamtmannen – posisjon og funksjon

Etter at eineveldet vart innført i Danmark-Noreg i 1660 vart det raskt sett i gong omfattande reformer for å effektivisera og profesjonalisera statsapparatet. Embetsmennene skulle no vera kongen sine trufaste tenarar og sørgja for at statsmaskineriet fungerte og inntektene hamna i kongens kasse. Ein av dei mest sentrale i dette systemet var stiftamtmannen. Stiftamtmennene i Noreg var dei øvste sivile embetsmennene i riket. Det var fire av dei, ein i kvar stiftsby – Bergen, Christiania, Kristiansand og Trondheim.

Oppgåvene til stiftamtmannen var omfattande. I 1685 vart det utarbeida ein amtmannsinstruks og i 1691 kom der ein eigen stiftamtmannsinstruks. Desse formaliserte arbeidsoppgåvene og arbeidsområda til stiftamtmennene. Instruksen av 1685 gav amtmannen ordre om å sørgje for at kongen sin vilje vart gjennomført i amtet og ha eit oppsyn med kongens, altså statens, inntekter i amtet. Amtmannen skulle også sørgja for å kontrollere det lågare embetsverket i amtet. Stiftamtmannen skulle vere påpasseleg med å straks informera kongen om ikkje dei kongelege interessene vart følgde. Kort sagt var stiftamtmannen sin funksjon å halda styr på at alt fungerte i samråd med kongens vilje. Men forsking på perioden har vist at amtmannen også kunne tala lokalsamfunnet si sak overfor dei sentrale styresmaktene. Og som Strilekrigen syner så hadde stiftamtmannen av og til ikkje noko val.

Bøndene førte stiftamtmann Cicignon til Stiftsgarden. Stiftsgården vart bygd i 1705 av generaltollforvaltar Schreuder. Etter "uregelmessigheiter" i rekneskapen hans blei bygget overført til Bergen by. Huset blir normalt kalla Hagerupsgården etter stiftamtmann Edvard Hagerup, som pussa opp det gamle bygget i midten av 1850-åra. Det var her stiftamtmann Cicignon heldt til i 1765.

Magistraten og "dei seksten menn"

Det bergenske samfunnet var på 1700-tallet leia av magistraten og «de seksten menn». Magistraten tilsvara nokolunde det me i dag ville kalla bystyret. Leiaren av magistraten var presidenten, og med seg hadde han to borgermeistrar og fire rådmenn.

Magistraten hadde ei rekke oppgåver og medlemmane var med i ulike kommisjonar som fattigkommisjonen, bygningskommisjonen og hamnekommisjonen. Magistraten hadde òg retten til å skriva ut borgarbrev, setja takstar på matvarer og handverksprodukt, samt å kontrollera kornlager og mål- og vektinnretningar. Magistraten skulle òg kontrollera skulane og brannmannskapa. I tillegg hadde han retten til å utpeika dei lågare embetsmennene i byen, dei såkalla bestillingsmennene, som kyrkjeverjer, kemnerar, vaktmeistrar og hamnefutar, men desse kunne òg bli utpekt gjennom kongen.

Den andre styringsgruppa i byen var "de seksten menn". Denne gruppa vart leia av Stadshauptmannen, var skipa i 1679, og fekk si godkjenning av kongen i 1680. Desse mennene, alle frå storborgarskapet, skulle ta vare på interessene til borgarskapet, ta opp viktige ting med magistraten og i samarbeid med denne gjera vedtak som var til det beste for byen. Stadshauptmannen var òg ansvarleg for borgarvæpninga. Uklare grenser mellom de 16 og magistraten kunne skapa splid mellom dei ulike gruppene. Ein annan kime til strid var at gruppa var ekskluderande mot andre samfunnsgrupper som handverkarar eller småkjøpmenn som var utestengd. Stiftamtmannen hadde då oppgåva å mekla mellom gruppene.

Biletet viser leiaren for Magistraten i 1765 - magistratpresident Ferdinand de Finne. Ukjend kunstnar. Kjelde UB Bergen

Futen

Futen eller fogden var ein sentral person i det dansk-norske administrasjonsapparatet. Han stod under amtmannen og over lensmennene, og han var med sorenskrivaren på tingreisene. Han skulle driva inn skattar og avgifter, vera med å skriva ut soldatar, og han var politimeister og skulle sjå til at dommar vart fullbyrda.

Les compteurs d'argent Nancy 3018.jpg
Slik som dette praktfulle biletet frå 1600-talets Frankrike var det nok mange av strilefolket som oppfatta futen og hans hjelparar. Biletet er frå Frankrike kring år 1600 og laga etter eit motiv av Marinus Van Reymerswaele (1575-1600). «Les compteurs d'argent Nancy 3018» av Vassil. Lisensiert under offentleg eigedom via Wikimedia Commons.

Sorenskrivaren

Sorenskrivar er ein offentleg embetsmann og nemninga på ein dommar som er øvste administrative leiar av ein domstol i fyrste instans. Domstol i fyrste instans vil seie tingrett. Sorenskrivarordninga blei innført på bygdetinga ved forordning av 31. juli 1591. Forordninga kom med påbod om at det skulle tilsetjast ein «svoren skriver» i kvart bygdeting sin rettskrets, eller skipreide (tinglag), som det seinare vart kalla i Christian IVs Norske Lov av 1604. Embetsdistriktet til ein sorenskrivar bestod vanlegvis av fleire skipreide / tinglag.

Sorenskrivaren skulle opphavleg ikkje vere dommar, men ein skrivar som hjelpte lagrettemennene, først og fremst med å forme ut og skrive ned domsbreva. Etter kvart fekk likevel sorenskrivaren ein dommarfunksjon; fyrst som meddommar, seinare som hovuddommar og i enkelte tilfelle einedommar. I forordning av 23. oktober 1634 fekk sorenskrivaren status som einedommar saman med lagrettemennene. Med Christian Vs Norske Lov av 1687 blei bygdetinget den nye fyrsteinstansen i landdistrikta, og sorenskrivaren blei einedommar i alle sivile saker og straffesaker som ikkje høyrde inn under militær eller geistleg rett. Det var sorenskrivaren som hadde ansvar for at tingbøkene vart førte. Han førte dei sjølv eller hadde hjelp av ein skrivar. Under Strilekrigen var det Johan Garmann som var sorenskrivar i Nordhordland (1742-1768). Ein seinare kjend sorenskrivar for Nordhordland var stortingspresident Wilhelm Frimann Koren Christie (1808-1815).

Reisene for sorenskrivaren til bygdetinga i Nordhordland føregjekk med båt. Her eit Dreier-prospekt frå ca. 1810 som syner tingstaden Alverstrømmen (Alverstraumen) i Nordhordland.

Militærsystemet

Noreg fekk ein organisert hær i 1628. Bakgrunnen var 30-årskrigen som då alt hadde vart i 10 år, og som hadde påført Europa store skadar. I 1628 vart det oppretta eit Bergenhusiske Regiment, som med mange omorganiseringar, og under mange ulike namn, eksisterte heilt til 2002. Landet sør for Finnmarken var delt i legder, der kvar legd skulle stille ein soldat med utstyr.

I 1704 vart det oppretta sjømilitære einingar, der utskrivinga vart lagt til innrulleringssjefane (sjøkrigskommissærar), og der oppgåva var å skaffe matrosar til den dansk-norske flåten. Til grunn for den sjømilitære utskrivinga låg det sjølegder, der ein til liks med landlegdene skulle stille ein mann med utstyr frå kvar legd. I 1805 vart innrulleringa endra, der berre byane skulle stille matrosar, og alle legdene utanom byane skulle stille soldatar.

Sjøkrigskommissariata og landkrigskommissariata vart slegne saman til ”krigskommissariat”, som skulle ordne sesjon og utskriving av militære mannskap.

Ein dansk-norsk infanterioffiser frå slutten av 1700-talet. «Officers Uniform ved Infanteriet approbered 29. mai 1789» Kilde: Riksarkivet: AS 4.

Garnisonen

Ein garnison (frå fransk garnison, som kjem av garnir, «å utstyre») er ein militærstyrke stasjonert på ein spesiell stad. Opprinnelige hadde denne styrken til oppgave å vakte staden, gjerne ein festning, eit slott eller ein by. Byar med militærforlegning er ofte kalla garnisonsbyar. Bergen er et godt døme på dette.

Bergenhus slik det såg ut i Willem van de Veldes stikk frå 1665 viser ein festning i ein klassisk nordeuropeisk garnisonsby, Bergen.

Nordenfjeldske gevorbne infanteriregiment

Nordenfjeldske gevorbne infanteriregiment var eit regiment av verva soldatar, oppretta i 1733. Først bar regimentet namnet til regimentssjefen, men frå 1763 vart namnet Nordenfjeldske gevorbne infanteriregiment. Regimentet vart oppløyst i 1817.

Regimentet hadde først standkvarter i Christiania. Etter Strilekrigen vart regimentet sendt til Bergen, der det låg til i 1767. Etter felttoget i 1788 vart det forlagt i Fredrikstad. Det fekk overført nasjonale bataljonar frå andre regiment i 1789 og 1790; først frå 2. Oplandske som i 1790 vart bytta ut med troppar frå 1. Akershusiske regiment.

Etter hærordninga av 1789 skulle regimentet bestå av både verva, gevorbne, og utskrivne, nasjonale troppar. I alt var det 22 kompani, derav åtte verva og fjorten nasjonale. Delar av verva troppane utgjorde i fredstid garnisonstroppane i Fredrikstad. Regimentets uniform var rød uniformskjole, men mørkeblå rabattar, krage og oppslag med kvite tresser samt kvite (altså tinn eller sølv) knappar.

Med den nye hærordninga av 22. februar 1810 vart regimentet heilt og halde eit verva regiment. Det vart nedlagd 3. juli 1817 som ein del av hærreduksjonen etter 1814.


Delmenhorstiske infanteriregiment

Delmenhorstiske infanteriregiment hadde namnet sitt frå grevskapet Delmenhorst ved Oldenburg, like utanfor Bremen. Regimentet vart organisert i 1763, og kom i 1765 til Danmark. Det var eit regiment av yrkeskrigarar. I 1767 vart regimentet sendt til Noreg, og livbataljonen vart plassert i Bergen.

Delmenhorstiske regiment bestod av to bataljonar, og kvar bataljon hadde sju kompani. Ved normaloppsetting skulle kvart kompani ha 65-67 meinige og underoffiserar, slik at regimentet fullt utbygd hadde 914 mann. I tillegg hadde regimentet rundt 50 offiserar. Etter relativt kort tid i Noreg var mannskapsstyrken redusert til noe under 800 mann, og låg på det nivået så lenge Delmenhorstiske var i Noreg. Delmenhorstiske var plassert i Noreg til 1774.

Delmenhorst-Kupferstich-Merian.png
Her frå Delmenhorst i dagens Tyskland kom det Delmenhorstske regiment. Bilete viser byen i 1647. «Delmenhorst-Kupferstich-Merian». Lisensiert under offentleg eigedom via Wikimedia Commons.

Bergenhus festning

Bergenhus festning ligg nordvest for Bryggen i Bergen, og er ein av dei eldste festningane i landet. Den vart bygd opp med utgangspunkt i kongsgarden på Holmen, og dei to eldste bygningane er Håkonshallen frå rundt 1260 og Magnus Lagabøtes kastell frå rundt 1270. Kastellet vart på 1560-tallet bygd inn i Rosenkrantztårnet.

Frå slutten av 1000-talet og fram til 1531 var festningsområdet det kyrkjelege sentrumet i Bergen med Kristkirken på Holmen, som då var domkyrkje, bispegarden, eit dominikanarkloster og det kongelege kapellet. Dei kyrkjelege bygningane vart rivne i 1531, slik at dei militære anlegga fekk betre skotfelt.

Kong Håkon Håkonsson fekk på 1250-talet bygd ein ringmur rundt bygningane på Holmen for å beskytte dei. På 1600-talet var Bergenhus ein rein festning, som i denne perioden vart utbygd og forsterka. Rundt 1700 vart anlegga på Holmen slegne saman med Sverresborg. Festningen var berre ein gong i kamp, i 1665 ved Slaget på Bergens våg.

Bergenhus festning, Håkonshallen og Rosenkrantztårnet.jpg
"Bergenhus festning, Håkonshallen og Rosenkrantztårnet" av Johan Joachim Reichborn (1715-1783) - Teikning av J.J. Reichborn i Hildebrant Meyers manuskripter, 1764. Bergen Byarkiv. Lisensiert under offentleg eigedom via Wikimedia Commons.

Granskingskommisjonen

Kongen i Danmark-Noreg styrte eineveldig til 1814. Men han hadde eit omfattande byråkrati av embetsmenn til å administrera kongeriket. Når forhold i samfunnet ikkje var som dei etter lovene og forordningane skulle vera, hadde kongen fleire måtar å undersøkja og retta på forholdet. Dette gjeld forskjellige former for forsøming hos kongens embetsmenn, klager frå bøndene, konfliktar som var for omfattande for rettsystemet osv.

Midlertidige kommisjonar var ein av dei hjelperådene kongen rådde over. Når kongen oppnevnte ein slik kommisjon, fekk den eit mandat for kva den skulle undersøka. Etter at undersøkinga var ferdig, skulle den senda ein rapport om kva den hadde funne ut og gi råd til kongen om kva tiltak han burde setja i verk.

For å undersøka kva som hadde skjedd i strilekrigen, oppnemnde kongen ein slik kommisjon 22. mai 1765. Saman med oppnemninga av kommisjonen vart det vedtatt å utrusta ein bataljon på 350 soldatar og senda den til Bergen med tilhald på Bergenhus Festning. Viseadmiral Hans Hencik Rømeling var kommisjonens formann, dei andre medlemene var kanselliråd Barthomæus Cederfeld og kanselliråd Chistian Magnus de Falsen. Kommisjonen kom til Bergen saman med soldatane 12. juli. Den sette straks i gang med undersøkingane sine. Rapporten til kommisjonen er datert 22.oktober. Kommsjonen reiste frå Bergen i februar 1766.

Etatsråd Bartholomæus Bertelsen de Cederfeld var ein av kommisjonsmedlemmane som kom til Bergen 13. juli 1765.

Kjelder til Strilekrigen – kunnskapen om fortida

250 år kan verke som ei fjern fortid for mange. Korleis kan vi vite kva som skjedde i ei tid då talet på aviser her i landet kunne teljast på éi hand, og nyheiter var knapt å finne innanfor dei få trykte bladsidene? Ei tid då vanlege folk hadde minimalt med skulegong og skriveferdigheiter, og papir og blekk var eksklusive varer? Kva er mogeleg å vite om kva som skjedde ein aprildag i Bergen i 1765?

Faktisk så er det ein god del å boltre seg i for ein som har lyst til å studere Strilekrigen. Som nemnt hadde vanlege folk, bøndene og arbeidsfolket på landet, som ni av ti innbyggjarane i landet var, lite skulegong, og etterlet seg ikkje stort av skriftleg kjeldemateriale. Dei hadde viktigare ting å gjere på. Kjeldene frå denne tida, vår kunnskap om det som skjedde, stammar i stor grad frå myndigheitene og det øvre sjiktet i samfunnet. Dei som hadde gått på latinskulane i stiftsbyane og på universitetet i København og fekk embete som prest, sorenskrivar eller fut. Nokre få nådde også opp til å bli biskopar eller amtmenn. Ei anna viktig gruppe var handelsborgarar i byane som sat i lokaladministrasjonen der. Når vi les kjelder frå 1700-talet så er det i stor grad desse mennene som har ført fjørpennen. Dette gav dei stor makt og er viktig å hugsa på når ein les kjeldene.

Vi kan grovt skilje mellom to typar kjelder som gir oss den kunnskapen vi har om Strilekrigen: Offentlege dokument og korrespondanse. Det eineveldige dansk-norske byråkratiet er imponerande i det omfangsrike kjeldematerialet som det har etterlate seg, både av rettsprotokollar og brevmateriale. I alle ledd i embetshierarkiet, frå grundige referat frå kvart tingmøte i kvart tinglag rundt om i landet, og opp til Høgsterett i København, kan vi følgje rettargangen og få innblikk i vanlege folks liv. Dei ulike stats- og byarkiva her i landet har også omfangsrike brevmateriale mellom ulike ledd i statsapparatet, frå den eineveldige kongen og ned til den enkelte sorenskrivar og prest. Særleg kan dette brevmaterialet gi ei god innsikt i korleis brevskrivarane sjølv opplevde og skildra det som hende, både før under og etter Strilekrigen. Dei mange levande skildringane av det dramatiske hendingsforløpet er ofte henta frå dei som opplevde det sjølv.


Riksarkivet

Riksarkivet i Oslo har ansvaret for å ta vare på arkivmateriale frå sentraladministrasjonen i Noreg. Riksarkivet vart oppretta i 1817 og den første riksarkivaren var ingen ringare enn Henrik Wergeland. Sjølv om Riksarkivet vart først oppretta etter 1814 er det også omfattande kjeldemateriale frå perioden før samla her. Den dansk-norske sentraladministrasjonens arkivmateriale som gjeld norske forhold er å finne i Riksarkivet.

Brev frå futen Bildsøe 22. april

Rentekammeret inntil 1814, Realistisk ordnet avdeling, Od Oppløp, stykke 2, L0002, brev frå Bildsøe til Rentekammeret 22. April 1765 (Kjelde: Riksarkivet)

Brev frå Martine Bildsøe 29. april 1766

Rentekammeret inntil 1814, Realistisk ordnet avdeling, Od Oppløp, stykke 2, L0002, brev frå Bildsøe til Rentekammeret 22. April 1765 (Kjelde: Riksarkivet)

Brev frå Bildsøe til Rentekammeret 7. mai 1765

Rentekammeret inntil 1814, Realistisk ordnet avdeling, Od Oppløp, stykke 2, L0002, brev frå Bildsøe til Rentekammeret 22. April 1765 (Kjelde: Riksarkivet)

Overhoffrettens behandling av i dei tiltalte 10. november 1767

Gå til kjelden: Overhoffretten, Domprotokoll 98 (RA/EA-2884/Ab/L0098), 1767-1767 (Riksarkivet)


Statsarkivet i Bergen

Statsarkivet i Bergen ligg på Årstadvollen og er arkiv for statlege institusjonar og organ i Hordaland og Sogn og Fjordane. Arkivet vart oppretta i 1885 og har om lag 26 000 hyllemeter med arkivsaker, som i tid spenner frå rundt 1150 til i dag. Sentrale arkivseriar er skanna og lagt ut på Digitalarkivet, der er det òg laga ein artikkel om Strilekrigen

Forslag om opprusting av Bergenhus 9. april 1765

Stiftamtmannen i Bergen Kopibok (til sentrale myndigheiter) 12/8 1764 til 18/7 1766 (Statsarkivet i Bergen)

Brev om at kongen er informert om Strileopprøret og at han vil gjera tiltak

Stiftamtmannen i Bergen, Brev frå Danske kanselli 1759-1766, løpenr. 447, legg 4 (Kjelde: Statsarkivet i Bergen)

Korrespondanse mellom Danske Kanseli og Stiftamtmannen Cicignon

Stiftamtmannen i Bergen, Brev frå Danske kanselli 1759-1766, løpenr. 447, legg 4 (Kjelde: Statsarkivet i Bergen)

Forholdene på garden Svindal medan bonden Ola Erikson Svindal sit fengsla i Bergen

Stiftamtmannen i Bergen, Brev frå Futen i Nordhordland og Voss 1753-1767, løpenr. 718, legg nr. 4 (Kjelde: Statsarkivet i Bergen)

Brev frå kong Fredrik 5. vedrørande nedsetjinga av Granskingskommisjonen datert Fredensborg 13. mai 1765

Stiftamtmannen i Bg avskrifter løpenr. 424. (Kjelde: Statsarkivet i Bergen)

Dommen mot bakmennene til Strilekrigen

Byfogd og byskrivar i Bergen, Rettergang, Bytingsprotokoller I.A.a. 45, 1765-1771, fol. 178a-179b (Kjelde: Statsarkivet i Bergen)

Privilegiestrid mellom strilespelemenn og bymusikantane datert 5. september 1766

Stiftamtmannen i Bg løpenr 718 legg 3 dok 5. (Kjelde: Statsarkivet i Bergen)

Brev frå futen C. Heiberg til Stiftamtmannen angåande uteståande fordringar (restanser)

Stiftamtmannen i Bg løpenr 718 legg 4 dok. 1. (Kjelde: Statsarkivet i Bergen)

20140123085732_004

Slaveboka

Innførslar i Slaveboka

Ola Erikson Svindal kom inn 1. nov. 1768 og vart sloppe ut 20. juli 1771.
Ola Jonson Høvik kom inn 1. nov. 1768 og vart sloppe ut 25 febr. 1768.
Erik Bartrumson kom inn 6. febr. 1766 og vart sloppe ut 6. mai 1766.

(Kjelde: Statsarkivet i Bergen)


Bergen Byarkiv

Byarkivet er Bergen kommune si arkivinstitusjon og arkivmyndigheit. Institusjonen oppbevarar og betener arkivmateriale frå kommunal verksemd, bedrifter, organisasjonar og einskildpersonar i Bergen. Byarkivet har ansvaret for Sentralarkivet i kommunen, driv med arkivfagleg utviklingsarbeid og veileder i arkivrutiner og systemer. Arkivet har materiale frå 1500-talet til byrjinga på 2000-talet

Magistraten sitt arkiv

Magistraten i Bergen blei oppretta i 1666 som ein etterfølgjar og eit framhald av byrådet. Magistraten var eit kollegium av embetsmenn (president, borgarmeistarar og rådmenn) som før 1837 sto for styre og stell i byen ved sida av andre instansar som «de eligerte menn» og det regionale stiftamtmannsembetet. Magistraten fungerte som bindeleddet mellom borgarane og sentrale styresmakter via stiftamtmannen. Etter 1837 var det formannskapet og delvis bystyret styrte byen, men den kommunale saksutgreiinga skjedde framleis i stor grad hos magistraten. Magistraten hadde i hovudsak kommunale funksjonar, men tok seg òg av somme funksjonar for staten. Først i 1922 blei magistraten nedlagd. Det innhaldsrike arkivet har materiale frå perioden 1551-1926 og omfattar hyllemeter [nemna kor det er oppbevart?] Arkivet er på Bergen byarkiv, og er ei av de viktigaste kjeldene til kunnskap om korleis byen har vore styrt og drive. I tillegg gjer arkivet mykje opplysningar om personar og eigedom. Her finnest til dømes fleire opplysningar knytta til Strilekrigen i 1765.

Prestane si rolle vedrørande Ekstraskatten

Brev frå biskop Fridrich Arentz til Magistraten i Bergen (Kjelde: A-0651 D: 19 Bergen byarkiv)

"Ruptur og Revolte" 2. mars 1765

Brev frå stiftamtmannen Cicignon til Magistraten i Bergen (Kjelde: A-0651 D: 19 Bergen byarkiv)

Innkvartering av nasjonale soldatar

Brev frå stiftamtmannen Cicignon til Magistraten i Bergen 21. april 1765 (Kjelde: A-0651 D: 19 Bergen byarkiv)

Bergenhus festning utan kanonar

Brev frå byborgaren Wollert Krohn med fleire til Magistraten i Bergen 24. april 1765 (Kjelde: A-0651 D: 19 Bergen byarkiv)

Forespørsel om pengar til utrusting av kanonskip

Brev frå kaptein Heiberg til Magistraten i Bergen 25. april 1765 (Kjelde: Bergen byarkiv)

Borgerskapet takka av kommisjonen på vegne av kongen

Frå møtebøka til Magistraten i Bergen 22. juli 1765 (Kjelde: A-0651 Aa: 9 Bergen byarkiv)


Spesialsamlingene, UiB

Spesialsamlingane ved Universitetsbiblioteket i Bergen er ei vidareføring av dei gamle bok- og skriftsamlingane frå Bergens museums bibliotek som vart stifta i 1825. Frå grunnlegginga av museet og fram til i dag har samlingane vorte bygd opp ved gåver, innsamlingar og innkjøp. Samlingane består av ei stor historisk biletsamling, manuskript, diplom, kart, antikvariske boksamlingar og aviser. I seksjonen for manuskript og antikvariske bøker finst mellom anna manuskriptet Ms 78, ei rik kjelde til opplysningar om Strilekrigen. (Spesialsamlingens nettside)

H. Meyers papirer. (Ms 78, UB Bergen)

Det bergenske Opløb i 1765. En Samling Aktstykker (Kjelde: Spesialsamlingen, UB)

Faksimile

Berg, Jens Christian: Efterretninger om Opløbet i Bergen 1765 i Anledning af Extraskatten m. v.

Sekundærkjelde

Saga : et Fjerdingaars-Skrift / udgivet af Johan Storm Munch. Chr. 1820. Last ned PDF. (Kjelde: Spesialsamlingen, UB)

Faksimile

Sverderup, Georg: Strilekrigen. Bondeopløpet i Bergen 1765. (BHFS 25/26(1919/20)

Sekundærkjelde

Last ned PDF. (Kjelde: Spesialsamlingen, UB)

Faksimile

"først, som rettfærdig Dommer at straffe, og siden, som en mild Fader, at forlade" : Det dansk-norske eneveldets håndtering av Strilekrigen i Bergen 1765

Sekundærkjelde

Slettebø, Thomas Ewen. 2007. Masteroppgåve, Universitetet i Bergen

Masteroppgåve

Medverkande til utstillinga

  • Bjørn Arvid Bagge
    Universitetsbibliotekar, Universitetsbiblioteket i Bergen
  • Kenneth Bratland
    Historikar, Statsarkivet i Bergen
  • Eyvind Urkedal York
    Stipendiat, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, UiB
  • Yngve Nedrebø
    Statsarkivar og historikar, Statsarkivet i Bergen
  • Svein Eide
    Strilekrigsentusiast
  • Tarje Sælen Lavik
    Spesialbibliotekar, Universitetsbiblioteket i Bergen

Takk til: Knut Geelmeuyden, Runar Jordåen (UB Bergen), Pedro Vásquez (UB Bergen), Nils Olav Mevatne (UB Bergen), Anette Skogseth Clausen (Statsarkivet i Bergen / Digitalarkivet), Randi Helland (Statsarkivet i Bergen), Gina Dahl (Statsarkivet i Bergen), Tom Myrvold (Statsarkivet i Bergen), Knut Geelmuyden (Bergen byarkiv), Anders Nilsen (Bergen byarkiv), Arnt Brakstad (Meland Sogelag), Jan Thorsheim (Lindås Sogelag), Johannes Birkeland (Radøy), Ole Jakob Nese (Vaksdal), Birger Carlsen (Lindås), Bjørn Davidsen (Arendal) og Berit Vetlejord (Åsane).

Dekning av strilekrigsutstillingen

Artiklar om Strilekrigen skrevet i forbindelse med Strilekrigsutstillingen