I lys og rørsle - fotografi av kvinner i arbeidslivet


Tvitydige konvensjonar

Frå dei to samlingane med totalt kring 50 000 arbeidslivsfotografi har me i dette prosjektet plukka ut eit utval på 1200 bilete som presenterer kvinnelege arbeidarar frå eit breitt spekter av verksemder - frå industriarbeidarar via kontorpersonale til pelskledde fotomodellar.

Fotomodell med pelsstola i 1930-årene. Foto: Atelier KK. Fig. 4: Fotomodell med pelsstola i 1930-årene
Foto: Atelier KK
Reklame for kunstgjødsel i 1950-årene. Foto: Norvin Reklamefoto. Fig.5: Reklame for kunstgjødsel i 1950-årene.
Foto: Norvin Reklamefoto

Eit døme på det siste er det vakre og nærmast skulpturelle biletet av ei kvinne med stola frå 1930-åra. (fig. 4) Dette er eit av dei tidlegaste og meir naturlege døma i samlingane på bruken av fotomodellar, der kvinner blir brukte for å selja eit produkt. Denne svært så mannlege trua på kvinna som kommersielt objekt blir ført ut i det parodiske på det noko absurde biletet av kvinna som reklamerer for ei pakke naturgjødning. (fig. 5)

Som nemnt er dei aller fleste kvinnene anonyme på desse bileta, unntaka er kunstnarar som til dømes biletvevarane Emily Mohr og Ragna Breivik. (fig. 6 og 8) Dei blir presenterte som skapande menneske, ofte fotograferte saman med kunstverka sine. I andre enden av skalaen er det påfallande mange kvinner - særleg kontorpersonale - som er fotograferte bakfrå, som både namn- og ansiktlause. Grunnane bak slike val frå fotografen sin side har nok vore å fokusera på arbeidsplassane eller kontormaskinane kvinnene arbeider på. Det verste dømet på denne praksisen er biletet tatt for oppdragsgivaren Lund & Lommer A/S, truleg ein importør av kontormaskinar (fig. 7) Som produktpresentasjon er biletet temmeleg mislukka; kvinna er fotografert rett bakfrå og skjuler såleis det meste av kontormaskinen. Både kvinna og maskinen blir dessutan overskugga av ein lite fotogen fyr som har stilt seg opp med armane i kross, utan å ha nokon synleg funksjon i denne samanhengen utover det å markera revir med ein litt pompøs positur, og for tilsynelatande å passa på at fotografen ikkje kjem for nær kvinna.

Emily Mohr, biletvevar. Ca. 1945. Foto: Atelier KK. Fig. 6: Emily Mohr, biletvevar. Ca. 1945. Foto: Atelier KK
Revirposering og objektivisering. Foto: Norvin Reklamefoto. Fig. 7: Revirposering og objektivisering. Foto: Norvin Reklamefoto
Ragna Breivik, biletvevar, 1956. Foto: Atelier KK. Fig. 8: Ragna Breivik, biletvevar, 1956. Foto: Atelier KK

Variasjonane i uttrykk og kontekstar er såleis mangfaldige og spanande, og spørsmålet i denne samanhengen blir korleis kvinnene blir presenterte på desse sjangerbileta, i eit rammeverk med fastlagde koder og konvensjonar. Svara på det er alt anna enn eintydige, og varierer i stor grad etter kva type verksemder bileta er henta frå - tolkinga og lesemåten må tilpassast fotografia, og ikkje omvendt.

Det finst fleire moglege nivå på lesemåtane i høve til desse 1200 bileta; den første er å sjå på bileta som ein samla kollektiv framstilling av kvinner i arbeidslivet - eit stort og nokså uformeleg fotografisk korpus som kan hende er meir overveldande enn klargjørande. Ein annan og meir fruktbar inngang til fotografia er å dela dei inn etter motiv- og yrkeskategoriar.

Med ei slik inndeling er det lettare å vurdera dei ulike motiv- og bilettypane mot kvarandre, ut frå at bileta frå dei ulike næringsverksemdene har sine eigne konvensjonar og vinklingar. Til dømes er bileta frå tekstilindustrien fotograferte og arrangerte på ein annan måte enn bilete frå eit kontor eller frå eit sjukehus. Samstundes opnar ei slik inndeling for å sjå på korleis dei ulike bileta innanfor kvar gruppe står i forhold til kvarandre, fellestrekk og skilnadar, særskilte utviklingstrekk over tid, korleis dei kvinnelege arbeidarane blir presenterte i dei ulike epokane gjennom fotografane sine komposisjonar og utsnitt. Kvart av bileta i desse gruppene dannar ei forteljing om ei eller fleire kvinner i ein arbeidssituasjon, komponert, arrangert og fotografert ut frå intensjonar styrte av oppdragsgivarens ønske om bestemte resultat og av dei kreative vala til fotografane.

Under følgjer ei kort lesing av nokre utvalde bilete frå den første av desse gruppene - fotografi av kvinner frå ulike industri- og produksjonsverksemder.

Prosjektet er et samarbeid mellom Universitetsbiblioteket, Billedsamlingen, og Senter for kvinne og kjønnsforskning, Universitetet i Bergen. Prosjektet er støttet av Kulturnett.

© Billedsamlingen, UB