I lys og rørsle - fotografi av kvinner i arbeidslivet


Kvinnehistorier

Fig. 46 og 47: Hermetikkfabrikken Einar Hausvik & Co, 1924. Foto:Atelier KK, og hermetikketikett fra Einar Hausvik & Co.

Me er tilbake hos kvinnene på hermetikkfabrikken i Hetlevik på Askøy 3. oktober 1924, i eit bilete som langt frå er det mest teknisk fullkomne i serien frå Einar Hausvik & Co., men som langt på veg er det mest gåtefulle og gripande. (KK-N-273/13) Ei gruppe kvinner arbeider med å festa brislingen på tredebord, som skal inn i røykomnane. Lampene i bakgrunnen er kransa av glorieliknande ringar, og lyset blir reflektert på det våte golvet, der tredeborda og ei av kvinnene blir spegla i skinande mønstre som aukar djupna i biletet. Det same gjer tredeborda, som dannar ei perspektivlinje på skrå innover i biletflata. Kvinnene sjølve er litt ute av fokus i fotografiet, konsentrerte om handgrepa og rørsla i arbeidet. Det kritkvite forkledet til kvinna til høgre blir som ei eiga lyskjelde i biletet, som paradoksalt nok elles er både dunkelt og skimrande. Det er ungjenta i framgrunnen ? litt til venstre i biletflata ? som fangar blikket vårt i dette fotografiet. Ho ser like mot fotografen, stig på eit vis ut av gruppa med kvinner og ser på oss med eit blikk me ikkje heilt klarer å tolka, og som ? med alle gode fotografi ? skapar ei undring hos oss, og ei trong til å spinna vidare på forteljinga og teikna i biletet.

For i tillegg til å dokumentera arbeidstilhøve, arbeidsplassar og produkt, så fortel kvart av dei kring 1200 bileta i dette utvalet ei historie om kvinner i arbeidslivet gjennom ein periode på snautt seksti år. Bileta fortel om kva roller og posisjonar kvinnene hadde i ulike verksemder i løpet av denne perioden, og dei fortel ikkje minst historier om korleis kvinnelege arbeidarar har blitt fotograferte og presenterte. Både dei fotografiske og menneskelege uttrykka er mange og varierte, frå den engstelege kvinna som treng ei hand å halda i på Bergens Bliktrykkeri i 1913 til dei tilsynelatande sjølvsikre og sjølvbevisste fotomodellane i 1970-åra.

Kvinnene i alle desse forteljingane er blitt fikserte for framtida på glasplater og negativ, i bilete som fortel fascinerande historier om utvikling og endringar i arbeidslivet, men aller mest om kvinnene sjølve, slik som dei seks kvinnene på hermetikkfabrikken i Hetlevik som pussar hermetikkboksane skinande blanke, før dei blir fylte med innhald, påklistra fargerike etikettar og sende ut i verda. (KK-N-273/19) Det er ein god plass å avslutta denne forteljinga på, i lag med seks kvinner som er fotograferte med respekt i skinet frå arbeidets lys og som ikkje er redde for å møta blikka våre.

Fig. 48 Hermetikkfabrikken Einar Hausvik & Co, 1924. Foto: Atelier KK

Prosjektet er et samarbeid mellom Universitetsbiblioteket, Billedsamlingen, og Senter for kvinne og kjønnsforskning, Universitetet i Bergen. Prosjektet er støttet av Kulturnett.

© Billedsamlingen, UB